
Dei 68 ungane i barnehagen feira den nye gapahuken. Alma og Ella kosa seg med snorklipp, bollar og leik
Barnehagen mista gapahuken sin då Dalen mekaniske utvida. Nå har dei fått flunkande ny gapahuk.
Dei tre ulvungane Håkon Hommo Bråstøyl (5), Thea Kyrkjebø Moen (6) og Vilje Bekk Vinjerui (6) frå Dalen barnehage har fått på seg støvlar og regntøy, og reist på tur med heile barnehagen.

Til saman er dei 68 ungar som held til på forskjellige avdelingar i Dalen barnehage. Alle avdelingane har dyrenamn som er henta frå den norske skogen, så nå er det både revar, ulvar og bjønnar som leikar i skogen på Tangane.
Håkon, Thea og Vilje har sine siste månadar i barnehagen, for i august blir dei skuleungar. Dei tre synest det er moro å vere ute.
- Det er moro å finne insekt, seier Vilje.
- Det er litt kaldt, meiner Håkon.

- Og om fire dagar skal me overnatte i barnehagen, fortel Vilje.
For det skal ulvane gjere før dei sluttar i barnehagen og blir skuleungar i august.
- Fantastisk!
Då Dalen mekaniske bygde ut mista barnehagen sitt faste turområde, men både store og små i barnehagen er fornøgde med erstatninga. Tokke kommune har sett av 400 000 kroner til å kjøpe inn ny gapahuk, som har benkar langs veggane, store glas og omn til kalde dagar.

- Me er kjempefornøgde! Dette er heilt fantastisk, og det var akkurat her me ville ha det, fortel Hilde Kabbe Berdalen.
Ho er assisterande styrar i Dalen barnehage og har jobba i barnehagen sidan 2000, med unntak av ein liten pause på nokre år.
Dei har eit stort uteområde i barnehagen, men er likevel mykje på tur. Gapahuken på Tangane er populær. Den er i gåavstand frå barnehagen, dei har tilgang på toalett og området er både ulendt og oversiktleg.
- Me er veldig glade for at kommunen valde dette området. Her er det kjempefint for ungane, seier Kabbe Berdalen.
Denne veka har dei markert friluftsveka i barnehagen, og har då vore på tur til Rui, Tangane, på fisketur på Tippen og dei minste har hatt bilderebus ute.
- Me er også mykje ute elles, i all slags vêr, fortel Kabbe Berdalen.
Den siste dagen i friluftsveka vart avslutta med offisiell opning av ny gapahuk, med snorklipp og bollar, og sjølvsagt leik i det fri.