Brukte 7500 kroner på taxi for å rekke festivalen, men det var det verd
For Stein Roger Hammari og Johan Isak Gaup frå Kautokeino var reisa både lang og dyr for å kome til Seljord, men dei angrar ikkje på turen.
Hammari og Gaup høyrde om Contryfestivalen av nokon frå Fyresdal som var på besøk i Kautokeino i vinter. Dei har kosa seg masse på festivalen.
– Det er noko av det beste eg nokon gong har vore med på, seier Gaup.
Turen til festivalen
For å kome seg til Countryfestivalen tok dei fyrst taxi frå Storslett i Troms til flyplassen i Tromsø.
– Taxi-turen kosta 7500 kroner, det er rundt to rein, seier Gaup.
Etter taxi-turen tok dei fly til Gardemoen, flytoget til Oslo S og buss til Notodden.
I Notodden blei dei henta av kjende frå Fyresdal.
– Og nå er me her, seier dei når VTB møter dei på campinga.
Reinen er på sommarbeite
Hammari og Gaup fortel at dei lever av reindrift, og at reinen nå er på sommarbeite.
– Då kan me reise på festival, seier dei.
– Kor mange rein har de?
– Det svarer me ikkje på, smiler Gaup og forklarar at det å spørje om det er det same som å spørje om kor mange pengar dei har i banken. Og at det er noko det er lurt å halde hemmeleg.
Etter festivalen er planen å ta turen til vennene i Fyresdal.
– Me har høyrt at det er veldig fint i Fyresdal så det må me oppleve, seier dei.