Bjørnar Øverland og Olav Opsund Mæland kan gle seg til ein dag hjå Ole Baldishol i slutten av mai.

Bjørnar og Olav fekk draumen oppfylt. – Eg skjelv

Små og store draumar stod i sentrum då fleire ungdomsskuleelevar fekk ynskja sine oppfylte.

Publisert Sist oppdatert

Eit av dei mest spennande punkta på programmet under MOT-dagen i Seljord, var avsløringa av draumane som skulle oppfyllast. 

I forkant av dagen hadde ungdomsskuleelevane fått sende inn draumane sine – både små og store ynskje. I dag skulle tre av desse draumane bli realisert.

Dei tre jentene Gunhild Aase, Signe Dyrland og Synne Tveiten Golid hadde ynskt seg ein dag heime hjå Ane Flatland.

– Me finn på noko moro! Randonee-tur, aking eller bading i stampen, og sjølvsagt ein digg lunsj, kunne Flatland forsikre dei glade jentene om.

Kvifor ynskte de dykk ein dag heime hjå Ane?

– Fordi ho er veldig kul, og så har ho ei bikkje eg likar veldig godt, smiler Signe.

Synne innrømde at ho eigentleg ikkje trudde draumen kom til å bli oppfylt, sidan det var noko dei i prinsippet kunne gjort på fritida.

– Men det var moro at ho ville ha oss der, seier ho.

– Og godt å sleppe skulen ein dag, legg Gunhild til med eit smil.

– Og eg er jo veldig glad for at desse ynskte å koma til meg, da, seier Ane smilande.

Synne Tveiten Golid (f.v.), Ane Flatland, Gunhild Aase og Signe Dyrland. Dei gler seg til ein hyggeleg dag heime hjå Ane.

Tre andre jenter, Linn Kristin Svendsen, Mari Sundgarden Lia og Live Flatland fekk oppfylt draumen sin om ein guida skutersafari på Rauland. 

– Rauland Adventure syns detta var ein så flott draum at dei laga ei flott pakke til oss, fortel Flatland.

Den største overraskinga kom då MOT Norge sjølv skulle oppfylle ein draum.

På storskjermen dukka det opp ei videohelsing frå Ole Baldishol, kjend frå mellom anna «Kompani Lauritzen». To elevar frå 9A, Olav Opsund Mæland og Bjørnar Øverland, hadde ynskt seg å besøke han.

– Han verkar som ein artig kar, og eg har fylgt litt med på han. I tillegg er han kornbonde, som eg er litt interessert i, seier Olav.

Regionleiar i MOT, Anne Kine Lien-Koot, fortalde at dei likte ideen så godt at dei bestemte seg for å få det til.

Backstage var dei to gutane svært begeistra.

– Eg skjelv, smiler Olav.

– Skal me verkeleg heim til han?, lura Bjørnar på. 

Bjørnar Øverland og Olav Opsund Mæland kan gle seg til ein dag hjå Ole Baldishol i slutten av mai.

Dei to får besøke Baldishol, med både «omvising, kaffi og kaker», og ei hotellovernatting.

– Det blir veldig moro. Eg hadde aldri trudd me skulle få oppfylt den draumen, seier Olav.

– Nei, eg blei veldig overraska, legg Bjørnar til.

Assisterande rektor Audny Barstad hadde også sendt inn ynskje – og fekk det oppfylt. Ho ynskte seg kortstokkar. – No slepp me den store utgifta på kort, ler ho.

Ingrid Ness Rolland frå MOT Noreg seier det er fint å oppfylle draumar til ungdom. 

– Og sjå at gleda skin gjennom. Eg blir rørt kvar gong, smiler ho. 

Powered by Labrador CMS