Birger Nygård er død
Birger Nygård var ordførar i Tokke frå 1990 til 2005. Torsdag døydde han etter lengre tids sjukdom.
Nygård var frå grenda Smørklepp i Tokke, og var aktiv i lokalpolitikken i mange år, og frå 1990 til 2005 var han ordførar for Senterpartiet. På nyåret i 2018 trakk han seg frå politikken, då var han 75 år og vart takka for innsatsen av ordførar Jarand Felland.
– Han var ein snill og jovial kar. Birger lika å slå av ein prat med folk og gjerne fortelje ei historie, men var samstundes litt beskjeden. Gjennom mange år, før han blei ordførar, jobba Birger på landbrukskontoret i Tokke. I stillinga var han høgt verdsett av både gardbrukarar og kollegaer, fortel Felland til VTB.
Nygård var tilsett fyrst i Lårdal kommune, og deretter i Tokke kommune etter samanslåinga i 1964, der han arbeidde på landbrukskontoret.
I 1990 vart Nygård ordførar, og det vervet sat han i heilt fram til 2005, då partifelle Olav Urbø overtok.
– Som politikar var det overordna for Birger at ein skulle sjå heile Tokke. Birger var glad i eit kompromiss, dersom det var mogleg. Han var kunnskapsrik og stod på for Tokke og Vest-Telemark i mange kampar, mellom anna om fordeling av kraftinntekter, fortel Felland.
Nygård døydde torsdag 19. februar 83 år gamal.