Fire personar i sportsklede står saman på ei opplyst fotballbane om kvelden.
Frå venstre: Nora Jordbakke-Sigstad, Tore Sigstad, Kåre Heddejord og Mari Heddejord.

Bestefedrane spelte saman for Seljord, no møttest barnebarna i lokaloppgjer

På 1960- og 70-talet var Kåre Heddejord og Tore Sigstad sentrale Seljord-spelarar. Tysdag såg dei barnebarna i dyst på Eventyrøy. 

Publisert

– Det er klart det er moro å fylgje med! seier Tore Sigstad. 

Han er bestefar til Nora Jordbakke-Sigstad, som starta kampen på topp for Seljord J15. Men krinslagsspelaren måtte gje seg tidleg med ein vond rygg. Ved sida hans står Kåre Heddejord som har barnebarnet på Kviteseid-laget. Mari Heddejord er kaptein for Kviteseid. 

– Eg har sett for få kampar i år, innrømmer bestefar Kåre. 

Men dei er ivrige på sidelina, sjølv om dei ikkje kjem med dei høgste ropa til sine barnebarn. 

– Nei, då hadde ho nok blitt flau, seier Kåre med eit smil. 

– Men me er litt ekspertkommentatorar, humrar Tore. 

To personar snakkar ved ei opplyst friidrettsbane om kvelden.
Tore Sigstad (t.v.) og Kåre Heddejord.

Kåre debuterte på A-laget som unggut i 1960. Tre år seinare var også den to år yngre Tore ein del av A-laget til Seljord. Dei var mange timar i lag på trening og i kamp.

– Me blei vel tatt ut på krinslaget, men kom oss aldri til kampen, seier Kåre og humrar. 

Kåre gav seg på midten av 70-talet, medan Tore heldt på til starten av 80-talet. Båe bur i Gravshaugane i Seljord. Dei rekk innom nokre historier frå tida i raudt og svart, medan barnebarna kjempar utpå kunstgraset. 

– Hugsar du då Tor (Reiten red. merk) var trenar? seier Tore, og mimrar tilbake til ei tid der tøff kondisjonstrening stod høgt i kurs. 

– Eventyrøy var ein viktig del av livet vårt. Me gledde oss til trening og kamp, seier Kåre som jobba mykje borte i vekene, men kom heim til Seljord i helgene til fredagstrening og kamp på sundag. 

Tabelltopp

Ute på banen har seljordingane kontroll på lokaloppgjeret. Alt etter fire minutt leia heimelaget 2-0 etter skåringar av Anne Midtbø-Mevastaul og Helene Dahl Kasland. Til pause stod det 3-0 etter eit sjølvmål. I andre omgang fastsette Dahl Kasland sluttresultatet til 4-0 til Seljord, som no toppar tabellen tre poeng føre Vinje, som har spelt ein kamp mindre. 

Laga har møttest fleire gonger denne sesongen, og både Jordbakke-Sigstad og Heddejord har vore hyppig på skåringslista. Dei skåra eitt mål kvar i sesongens fyrste kamp som Kviteseid vann 3-1. I neste kamp skåra Heddejord tre av dei fem måla då Kviteseid vann 5-1. Sist, då Seljord vann 5-3 skåra både Jordbakke-Sigstad og Heddejord tre mål kvar. 

– Det var litt uflaks i dag med treff både i tverrliggjar og stolpe, oppsummerer Mari etter kampen. 

Powered by Labrador CMS