Åslaug Sem-Jacobsen, Telemark Sp

Åslaug Sem-Jacobsen

Alder: 54

Kjem frå: Heddal i Notodden

1. Nemn tre grunnar til at vesttelane skal stemme på deg og ditt parti?

A) Fordi alle skal få 25 000,- ekstra i skatterabatt i desse kommunane om vi får makt, og fordi dei skal behalde distriktstiltaka vi har innført; som barnehage til kun 700,- i mnd. sletting av studielån på 25 000 kvart år, Bygdevekstavtala, auke i pendlarfrådraget, historisk auke i overføringane til landbruket på 67% på 3 år som har gitt landbruket trua tilbake, og bevaring av tingretten. Og med oss vil dei også få endå fleire nye distriktspolitiske tiltak, og meir politi.

B) Ingen kjempar meir aktivt mot nedbygginga av helsetenestene i Vest-Telemark enn oss, og vi vil skrote Helseforetakmodellen som gjer at DPS i Seljord er trua, legebiltilbud og ambulanseteneste er for dårleg og tenester og pengar blir sentralisert vekk frå sjukehusa i Telemark til Vestfold og Oslo.

C) Vi er det partiet som har mest politikk for å løfte kultur, tradisjon, kulturarv og frivilligheita i programmet vårt, og vil frede universitetscampusen i Rauland frå nedleggingsspøkelset. Inkludering av barn og unge i kultur og fritidsaktivitetar er også ei hovudsatsing som er i tråd med vårt klare nei til legalisering av narkotika. 

2. Vil du gjere noko for å sikre rimelegare straum for folk og næringsliv i Telemark?

Vi i Sp vil strupe eksporten av straum når prisen nærmar seg 50 øre, ikkje fornye nye utanlandskabler, fjerne oss frå EUs kraftmarknad samt gi næringslivet straumstøtte og Norgespris også. Telemark har eit stort kraftoverskot – vi produserer masse vasskraft – og rimeleg straum må derfor kome innbyggarar og næringsliv til gode.

3. Meiner du det bør leggast til rette for meir kraftproduksjon i Vest-Telemark? Eventuelt kva type kraftproduksjon?

Bare om kommunen sjølv vil.

4. Etterslepet på fylkesvegane har passert 100 milliardar kroner. Kva meiner du bør bli gjort?

Få ein meir rettferdig fordeling av samferdselsmidlane slik at heile landet får, ikkje bare dei store byane, samt få ein eigen tilskotsordning for fylkesvegane. Dette er ei oppgåve fylkeskommunen ikkje greier aleine utan betydelege statlege løyvingar.

5. Korleis vil du løyse mangelen på helsepersonell i distrikta?

Satse meir på desentralisert helseutdanning, styrke lokalsjukehusa og gi insentiv for å behalde kompetansen, auke praksisplassane i distrikta og bruke eigne tilskot, bustadordningar mm for å tiltrekke helsepersonell.

 6. Kvil vil du gjera for at kommunane skal klare å handtere eldrebølga?

Styrke kommuneøkonomien – ei hjartesak – og gjere eit ekstra løft for rekruttering.

 7. Korleis vil du få fleire unge til å flytte til distrikta?

Ved å styrke distriktspolitiske tiltak som treffer unge – som sletting av studielån, desentralisert utdanning, flytting av arbeidsplassar til distrikta, låge barnehageprisar, bustøtte og vår kraftige satsing på kultur og frivilligheit på 1% av statsbudsjettet.

 8. Om du kunne gjennomført éi sak utan motstand – kva ville det ha vore?

Å erstatte EØS-avtalen med ny handelsavtale med EU slik at vi framleis har fri handel og forflytting av menneske over grensene, men utan å måtte godta EUs regler på alle moglege andre område. Slik Sveits har det.

Powered by Labrador CMS