– Alle kan gå pilegrim, uansett kva slags tru ein har
Hundrevis har gått frå Haukeli til Røldal med «Vandring med håp». Kyrkjerådsleiar Harald Hegstad meiner ein ikkje treng å vere religiøs for å vere pilegrim.
Prostdiakon Eilev Erikstein og psykiatrien i Vest-Telemark byrja med denne vandringa i 2007 og har dermed tjueårsjubileum neste år. Gjennom åra har hundrevis av menneske vore med på vandringa frå Haukeli til Røldal. Måla for dei som har vore med har vore ulike, og nokre har berre vore med éin dag. Vandringa strekte seg over fem dagar i byrjinga, men er no korta ned til tre dagar.
– Å gå for noko større enn seg sjølv
For mange som slit med psykiske plager, har vandringa vore viktig og eitt av fleire tiltak som har hjelpt dei vidare i livet. Mange har også delteke i fleire år og kjem stadig attende.
Ikkje alle har psykiske plager, og nokre blir med for turen si skuld og for å nyte fjellet ein vandrar i. Tilbodet er eit lågterskeltilbod, og kven som helst kan vere med. På denne vandringa kjem ein som seg sjølv, uansett form, bakgrunn og religion.
I samtale med VTB under vandringa snakka kyrkjerådsleiaren om kor vidt omgrepet pilegrim kan vere i dag. Ei pilegrimsreise kan til dømes gå til Anfield, heimebanen til fotballklubben Liverpool i England.
Mange går også pilegrim ulike stader i Noreg for å oppsøkje stader som betyr mykje for dei. Det kan vere ein stad knytt til familien, eit område som er viktig for ein, eller ei vandring som ein måte å handtere og arbeide seg gjennom sorg på.
– Det er mange grunnar til at menneske går pilegrim i dag. For mange er det ikkje ei religiøs reise. Felles for alle pilegrimar er at ein går mot eit mål, og ein kan seie at ein søkjer noko større, noko utanfor seg sjølv. Dette noko utanfor seg sjølv kan vere mangt, og det er ikkje naudsynt at det er Gud ein søkjer. Nokon kan til dømes sjå på naturen som Gud og finne meining i den. Men mange har ei kyrkje som endepunkt på pilegrimsferda, så mange har kanskje ei eller anna form for religiøs oppleving, seier Hegstad.
Eit fysisk bilete på livet
Ingrid Seltveit frå Tokke har vore med på pilegrimsvandringa fleire gonger. Ho ser på seg sjølv som kristen. Det er meir enn at ho har halde fast ved barnetrua. Ho går mykje på tur, og fysisk er det ein siger for henne å gjennomføre pilegrimsvandringa.
– Den mentale reisa er viktig for meg på vandringa, og eg blir religiøs av og til på grunn av det fine opplegget på turen. Eg har engasjert meg litt i religiøse samanhengar ved å spele musikk i dei. Av og til tenkjer eg på religiøse spørsmål på vandringa, og eg hadde gjerne også gått ein pilegrimstur der ein la vekt på det åndelege ved vandringa. Men det viktigaste for meg i dag er den fine gjengen me er på vandringa og naturen me opplever her, fortel Seltveit.
Kyrkjeverja i Tokke, Bjørnar Christensen, var med for tredje gong på vandringa og er inne på dei same tankane som Seltveit og Hegstad. Christensen talar også om mål, fellesskap og natur når VTB slår av ein prat med han etter ein god middag etter ei lang dags vandring.
– Alle på vandringa har eit mål, men måla er ulike og private. Me er også alle forskjellige og går ulike lengder på dei ulike delane. Somme går delar av turen, andre går heile strekka. Men me blir bundne saman av den felles mentale reisa me gjer, anten me tenkjer på religion, naturen, den mentale helsa vår eller andre ting undervegs. Me er alle pilegrimar i livet vårt, og ein pilegrimstur blir eit bilete på livet vårt. Ein kan stundom streve i livet, men då gjeld det å setje den eine foten framfor den andre og flytte seg vidare, og ta med håpet sitt, avsluttar Christensen.