Familiebedrifta fyller 50 år. Det ville Roar og Stian feire heime i Seljord
I 1976 starta Alf Johansen opp med ein lastebil. 50 år etter er det sønene som driv firmaet vidare.
– Dette er veldig typisk dei. Dei er så opne og inkluderande. Så klart vil dei dele dette med lokalsamfunnet, seier ordførar i Seljord, Solveig Sundbø Abrahamsen.
Det er Seljordfirmaet Alf Johansen ho snakkar om. Nå fyller bedrifta 50 år, og laurdag var det stor feiring på Dyrskuplassen med burgarar og brus, lastebilane stod var stilt opp, ungar, eller kanskje også vaksne, kunne prøvesitte om dei ville, det var utdeling av capsar, konkurransar med premiar og tivoli. Alt var gratis.
Ordførar Sundbø Abrahamsen fortel at Alf Johansen har bidratt mykje til lokalsamfunnet i alle år.
– Dei har bidratt utruleg til lokalsamfunnet, og har gjort mykje dugnadsarbeid.
To rekordår
– Me er ikkje så mykje til stades i Seljord til vanleg, så me hadde lyst til å ta med ein del lastebilar heim, fortel dagleg leiar Roar Johansen.
– Me er veldig glade i Seljord. Me jobbar andre stadar i landet, men vil bidra her heime i Seljord, og me synest det er hyggeleg når me har moglegheit til dette, legg han til.
I dag er det brørne Roar og Stian som driv firmaet som far deira etablerte for 50 år sidan. Roar er dagleg leiar og Stian er prosjektleiar i entreprenør og transportfirmaet som i hovudsak driv med massetransport og massehandtering i Oslo-området.
Faren Alf, byrja i det små.
– Han byrja i 1976 med éin lastebil, fortel sønene.
Sidan har verksemda vekse litt og litt. I dag har dei om lag 85 tilsette, men dei leiger også inn ein del lastebilar og sjåførar og hadde i fjor i snitt 100 lastebilar i arbeid i løpet av året. 51 er deira eigne lastebilar. Sidan 1991 har dei hovudsak arbeidd i Oslo-området, men dei har også oppdrag andre stadar i landet.
Begge brørne køyrte litt lastebil då dei var unge, men byrja tidleg på kontoret – Roar i 1997 og Stian i 1998/99. Dei vekependlar frå Seljord til Oslo, og trivst godt med det. Kva som er grunnen til at bedrifta har gått så bra og nå rundar femti, forklarar dei med far sin, Alf.
– Det er sjaven sin ære, seier Roar, og Stian nikkar seg einig.
– Det er måten han har drive på. Han var ein kremmar, og utruleg flink med folk – både tilsette og samarbeidspartnarar, seier Roar.
– Ja, han kom godt overeins med alle, og var veldig flink til å finne gode løysingar, fortel Stian.
At firmaet har vekse sakte, men sikkert, meiner også brørne har vore ein suksessfaktor. Roar og Stian kjende seg trygge på overta leiinga av firmaet då tida var inne, for dei hadde mange år på jobb saman med faren som var dagleg leiar fram til han var 71 år. Alf var involvert i firmaet også etter dette, men gjekk bort i fjor haust.
– Me har arbeidd med han så lenge, så me visste korleis me skulle ta over den stafettpinnen, fortel Roar.
Og tala viser at det går godt for Alf Johansen AS. Dei siste åtte åra har dei hatt vekst, og 2024 og 2025 vart to rekordår med rundt ein halv milliard i omsetning kvart. Nå ser det ut til å flate litt ut.
– Det er blir litt rolegare i år, men det er heilt naturleg etter ein slik vekst, fortel Stian.
Takka for alle bidrag
Under laurdagens markering talte også ordføraren til bedrifta som har betydd mykje for kommunen – både økonomisk, med arbeidsplassar og med dugnadsarbeid.
– Tidlegare var det ein standardfrase frå økonomisjefen i kommunen: korleis har det godt med Alf Johansen AS i år?
Skatteinntektene frå bedrifta har vore viktige for kommunen i mange år. Ordføraren takka også for det mangeårige engasjementet for lokalsamfunnet.
– Me er djupt takksame for alle bidrag til Seljord gjennom alle år. Eg synest de er utruleg flinke til å utvikle dykk for å bevare. Takk for at dykk er dei dykk er, sa ho.