Eilev Erikstein

Møtest i kyrkja for å tenne lys og vise sin kjærleik

Prostidiakon Eilev Erikstein seier kyrkja i Kviteseid vil ha opent frå klokka 10. 

Publisert Sist oppdatert

– Det er for å tenne lys og møtest – og vise kjærleik til folkekongen. Ein stad å vera for dei som ikkje heilt veit kva dei skal gjera. 

Det seier prostidiakon Eilev Erikstein til VTB. Han seier alle er velkomne, og oppmodar spesielt skular og barnehagar til å ta turen.

– Kanskje nokon vil lage ei teikning, føreslår Erikstein. 

Håkon Heggtveit førebur open kyrkje i Kviteseid.

Fredagsmorgonen kom meldinga om at Hans Majestet Kong Harald er død. 

Erikstein hugsar godt då Kong Olav døydde, 17. januar 1991. Han var då på ein overlappande runde med sin forgjengar som prostidiakon, Per Emanuelsen. Familien hadde nettopp flytta til Dalen. Det var ein kald vinterkveld.  Så kom meldinga om at kongen var død. 

– Det var nesten som verda ramla litt saman, seier Erikstein.

– Så steig Kong Harald fram. Han har fylt rolla på ein utruleg måte, held han fram. 

Det sit særleg godt hos han korleis Kong Harald har stått på heilt til slutten. Han har teke seg fram med krykker.

– Det er eit signal om å ikkje gje opp. Han var majesteten, men likevel til stades. Eg kjem aldri til å gløyme bildet av Kongen som ikkje gjev seg. 

Erikstein trekkjer også fram Kongens kjente talar og korleis han var samlande då tragedien på Utøya og Regjeringskvartalet skjedde for 15 år sidan. 

– Han har vore samlande, skapt felleskap og inkludering.

Fleire opne kyrkjer

Eidsborg stavkyrkje, Lårdal kyrkje og Skafså kyrkje er opne i dag frå kl. 14.00 i samband med H.M. Kong Harald sin bortgang. Det vert lagt ut kondolanseprotokollar og det er høve til å tenne ljos, opplyser Bjørnar Christensen, kyrkjeverje i Tokke. 

Klokka 12 blir det ringt med kyrkjeklokkene i dei fleste kyrkjene i Øvre Telemark, opplyser prost Asgeir Sele. Mange av kyrkjene vil også vera opne for lystenning, og det vil vera lagt ut kondolanseprotokoll.

Powered by Labrador CMS