To barn i høgtidsklede held blomsterbukettar utandørs.
I 1996 fekk Susanne Gundersen og Thomas Dyrland møte Kongen og Dronninga.

Då Thomas og Susanne fekk møte Kongen

I 1996 var Dronning Sonja og Kong Harald på besøk i Vest-Telemark. Her er glimt frå VTB-arkivet.

Publisert Sist oppdatert

– Eg hugsar det godt, seier Susanne Gundersen.

I 1996 var ho seks år, og saman med Thomas Dyrland hadde ho fått i oppgåve å overrekke blomar til Kongen og Dronninga då dei kom på besøk til Seljord. 

To tusen hadde møtt opp for å ta imot kongeparet, som kom til bygda med helikopter.

– Dette besøket er historisk for nåtid og framtid. Velkomen til bygdi kåns kjære Konge og Dronning, sa dåverande ordførar i Seljord John Kleivstaul.

Fleire personar sit i ein open veteranbil framfor ein paviljong og ei folkemengd.
På Klokkarstogemoen fekk Kongen, Dronninga, John Kleivstaul og Kjell Bohlin seg ein god lått då ungdomslagsmedlemmar framførte utdrag frå årets Seljordspel, «Kristmann og bonde».

Framme ved Landstadmonomentet stod 7-åringane Susanne og Thomas klare med kvar sin blomebukett som dei høgtidsstemte overrekte til Kongen og Dronninga.

«Me vil tru at denne augneblinken kjem ikkje dei to til å gløyme med det fyrste», kunne ein lese i VTB 16. august 1996.

Susanne Gundersen hugsar det godt. 

– Det var både spennande, og litt rart, seier ho i dag, 30 år seinare. 

– Og etter at me kom heim så såg eg meg sjølv på TV, fortel ho. 

Eit par i høgtidsklede går framfor ei hestekjerre medan folk ser på.
Tusseleiken barneleikarring dansa for dei kongelege gjestene.
Svartkvitt gruppebilete der ein mann bøyer seg over eit lite bord mellom fleire personar.
Kong Harald signerer kongehelle i Flatdal.

Fekk klem av Kongen

Dagen etter var den raude løparen rulla ut i Rauland. Framfor hotellet stod Åsulv Hylland og Maria Bruleite Bjåen klare med blomar. Den gong var dei seks år.

– Eg hugsar at me hadde øva på førehand, fortel Åsulv.

Kvinne møter to barn medan vaksne står samla ved ein inngang.
Maria Bruleite Bjåen og Åsulv Hylland Hilde overrekte blomar til kongeparet då dei kom til Vinje.

– Det var stort at me skulle få helse på Kongen, minnast Maria.

Ifølgje VTB fekk 6-åringane ein koseleg prat med Kongen og Dronninga, men kva dei prata om hugsar dei ikkje i dag. 

– Men eg hugsar at eg fekk ein klem av Dronninga, og at Maria fekk ein klem av Kongen, fortel Åsulv. 

Det hugsar Maria óg.

Dronninga hjelpte til

 I Eidsborg var sjuåringen Silje Hegna ei av dei som skulle få helse på dei kongelege. 

Ho hadde med blomar til Kongen, men ifølgje VTB svikta motet då ho skulle overrekke dei.

Menneske samlar seg utandørs, med ein mann i dress og ei kvinne med solbriller i framgrunnen.
Motet svikta då Silje Hegna skulle gje Kongen blomar. Men Dronninga ordna opp, og Kongen fekk sin blomebukett han óg.

– Eg kan ikkje heilt hugse det, seier Silje.

Men ho kjenner seg igjen på bildet.

Og ifølgje VTB-journalisten som var på staden så fekk Kongen blomane sine, for Dronninga bøygde seg ned til Silje og hjelpte til. 

To menn går mellom flagg og tilskodarar under eit utandørs arrangement.
Kongen saman med dåverande Tokke-ordførar Birger Nygård.
Prost Bernt Olav Karlsen ønskjer kongeparet velkomne til Eidsborg stavkyrkje. Til høgre ordførar Birger Nygård og (t.v.) for han fylkesmann Kjell Bohlin.
Powered by Labrador CMS