– Me har mista ein folkekonge
Kong Harald døydde fredag morgon.
Kong Harald døydde fredag morgon.
– Det er jo utruleg trist, sjølv om det ikkje var overraskande.
Det seier Solveig Sundbø Abrahamsen, regionordførar i Vest-Telemark.
– Me har mista ein folkekonge. Eg trur heile landet har stålsett seg for beskjeden me visste ville kome.
Ho seier at kong Harald var utruleg samlande for heile landet.
– Han klarte å følgje med i tida, og forstod tida han levde i. Han var utruleg inkluderande, og hadde stor toleranse for alle.
Ho trekkjer fram humoren hans.
– Han var så uhøgtideleg i det høgtidelege. Han klarte å nå ut til mange med måten han kommuniserte på, og hadde alltid eit glimt i auget.
– Heile landet er i sorg no.
Fredag vil alle offisielle flagg i Vest-Telemark henge på halv stong, fortel Sundbø Abrahamsen.
– Me skal ha ut sørgjeprotokoll der folk kan skrive inn helsingar, og det blir fleire opne kyrkjer. Dette blir formidla på kommunesidene etter kvart. Alt er klart, seier ho.