Noah Brattsberg-Aamlid på startstreken på skiskyttarrennet i Fyresdal laurdag. Bak han står Vebjørn Øygarden frå Dyre Vaa.

70 skiskyttarar samla i Fyresdal i helga

Denne helga arrangerer Fyresdal skiskyttarlag det tradisjonsrike todagrsrennet på Veum. 70 deltakarar stilte på startstreken.

Publisert

Det gror godt i skiskyttarmiljøet. Det var tilbakemeldinga frå både IL Dyre Vaa og Fyresdal skiskyttarlag. Begge klubbane har nå fleire aktive skiskyttarar enn på mange år. 

Dyre Vaa har nå 17 aktive skiskyttarar med i laget. Det er fleire enn på mange år.

Ei av dei som går sin første sesong er Miriam Hustveit Tjønn. Ho er ni år, kjem frå Særensgrend, og går for Dyre Vaa. Dette er det andre skiskyttarrennet hennar.

– Eg var med på eit renn i Rauland før jol også, fortel ho. 

Miriam er fornøgd med løpet sitt, kanskje særleg med skytinga. Ho trefte blink på ni av ti på laurdag.

Miriam Hustveit Tjønn (9år) frå Særensgrend trefte ni av ti blink på laurdag.

Har gått skiskyttarskule

I Fyresdal skiskyttarlag har det også vore god rekruttering. Seks unge skiskyttarar har gjennomført skiskyttarskule, der både dei og foreldra har fått grunnleggjande opplæring i sikkerheit og våpenbruk i haust. Fire av dei kjem frå Tokke. 

Marius Fles Brubakk og Peder Tøndel Solli kjem frå Dalen. Annbjørg Omland Brokka og Lilly Seltveit frå Skafså, men dei trenar i Fyresdal ein kveld i veka. Og alle stilte på startstreken då klubben arrangerte renn på heimebane. 

Noah Brattsberg-Aamlid (t.v.) og Tor Ola Momrak Breivik har nyleg kome over startstreken.

På heimebane var også Noah Brattsberg-Aamlid og Tor Ola Momrak Breivik. Fyresdalsgutane fortel at det er to treningar i veka, men at dei berre rekk å vere med på éi.

– Me driv med andre ting også, seier dei, og fortel om både fotball og skyting.

Skicross

Rennet i Fyresdal var eit skicross-renn for dei under 16, med både ei lita slalåmløype og orgeltramp. Det skulle også ha vore eit hopp, men det kutta arrangørane ut sidan føret var skarpt. Regn på fredag og kuldegrader laurdag førte til at det var hardt ute i sporet.

Marius Fles Brubakk (f.v.), Peder Tøndel Solli, Annbjørg Omland Brokka og Lilly Seltveit går for Fyresdal skiskyttarlag.
Her heiar gjengen frå Tokke inn lagkameraten Theodor.

Stor dugnadsvilje

Førti funksjonærar var i sving for å få gjennomført rennet.

– Me er veldig heldige som har med oss bygda på dette, seier rennleiar Bjørn Bergheim som rosar bygdefolket for stor dugnadsvilje.

Inge Aamlid (t.v.) og Mikael Moen Håkonsen hadde full kontroll på standplass.

Han fortel at det nå er 18 aktive skiskyttarar med i skiskyttarlaget til Fyresdal, og at 16 av desse gjekk rennet laurdag.

Maja Noraberg frå Seljord IL blir tatt imot i målområdet. – Føret var skarpt, men då går det fort nedover, sa ho.
Mikkel Gasmann Nesland (t.v.) og Elian Moen Tovslid gjekk for Fyresdal skiskyttarlag.
Det var krinsmeisterskap for dei som var 13 år og eldre. Simen Vassbotn Apeland (f.v.) fekk bronse i G16, Audun Lindskog gull i G15 og Ingebjørg Botn bronse i J13.
Victoria Moen Tovslid (11 år) frå Fyresdal skiskyttarlag.
I Dyre Vaa er det nå med 17 aktive skiskyttarar. Fleire av dei var med til Fyresdal i helga. Frå venstre: Mia Grete Loeschke J11, Emil Loeschke (ivrig heiagjeng), Audun Lindskog G15, Simen Vassbotten Apeland G16, Miriam Hustveit Tjønn J10, Ingebjørg Botn J13, Ludvik Lindskog G11, Lotta Karin Loeschke J12, Vebjørn Øygarden G11
Powered by Labrador CMS