4.-klassingane synest det er kjedeleg å lese avis, men å lage avis er moro
4. klasse på Kviteseid skule har laga avis med saker om gaming og ordførar, kryssord og næringsliv.
– Kvifor, kven, kva, kvar, når. Og kva var det siste igjen?
– Korleis!
Fride Birkeland, Ingeborg Lykseth Botnen, Alina Lid, Jack Dean, Aslak Skogheim Kleiv og Eskil Alexander Hendriks Flatin fortel at dei har lært om dei viktige spørjeorda ein journalist bør bruke. Og kvifor er det lurt å bruke desse spørjeorda?
– Fordi då får me opne svar, seier Fride.
– Og ikkje berre ja og nei, fortel Ingeborg.
Dei har jobba på gruppe saman når klassa har hatt avis på timeplanen dei siste vekene. Elevane er litt usikre på kor lang tid prosjektet har tatt.
– Veldig lenge, meiner Jack.
Minst ein månad kanskje.
Men elevane er sikre på at dei har jobba med avis-prosjektet ganske lenge, og lærarane Tove Slettemeås og Sanne Hyldal endå lenger.
Tverrfagleg prosjekt
Tove er kontaktlærar for gjengen på 23 elevar, og fortel at då dei skulle lære om avis fann dei ut at dei ville lage ei skuleavis. Prosjektet har vore tverrfagleg, og både norsk, matte og samfunnsfag er dekt. Elevane har brukt om lag to veker på arbeidet, medan lærarane har brukt litt lenger tid. Tove fortel at dei i haust har hatt om val og demokrati, og at dette passa godt inn i avisproduksjonen. Dei har også fått inn annonseinntekter og har rekna med litt forteneste av sal av avisa, og dermed er matte også inkludert.
Journalistar kan jo ikkje berre sitte inne på kontoret, og 4.-klassingane har mellom anna besøkt ordførar Tarjei Draugedal og gullsmed Hans Christian Aabø, gründer Elisabeth Wisland og VTB-journalist Tone Tveit, og laga intervju med dei om yrka dei har. Elevane har også skrive om jakt og kjæledyr, matoppskrifter og kryssord, og skaffa annonsar frå det lokale næringslivet.
– Kva synest de om å lese aviser sjølve?
– Det er ganske kjedeleg. Eg les berre bursdagshelsingane, fortel Ingeborg.
– Og litt Aftenposten junior, seier Fride.
Men Jack likar å lese aviser.
– Eg les kva som helst avis, seier han.
Tove fortel at elevane har fått velje litt sjølve kva slags tema dei vil skrive om. Ho er veldig imponert over dei.
– Dei har vore kjempeflinke, stått på og jobba som berre det, seier ho.
Nå heng resultatet på veggen i klasserommet. Men avisa er også trykt opp slik at dei kan selje. Dei skal nemleg tene pengar på avis-salet også.
– Me skal til sentrum å selje aviser ein dag og etterpå skal me på Kafé Hansen å drikke kakao med krem. Resten av pengane skal klassa bruke til å kjøpe spel og leiker som me treng, fortel Tove.