100 000 kroner til Steinar: – Veldig stas
Komponist og musikkteknolog Steinar Bolstad Skålid (28) frå Fyresdal jobbar mellom anna som multiteknikar i Universitetets aula i Oslo. Nå har komponisten fått 100 000 i kunstnarstipend.
Det blir litt stille i andre enden av telefonen. Steinar Bolstad Skålid (28) frå Fyresdal har akkurat fått vete at han har fått 100 000 kroner i diversestipend frå Statens kunstnarstipend.
– 100 000? Hæ? Nei, nå får eg puls her. Ha, ha, ha...
Det blir litt stille igjen, og me spør om han pustar.
– Ha, ha, det er berre så vidt, ler han.
Det er 16 kunstnarar i Telemark som har fått stipend. Komponist og musikkteknolog Steinar har fått det største diversestipendet.
– Oi, oi, oi! Eg hadde ikkje rekna med at eg skulle få det. Dette er veldig stas! Og veldig artig at VTB overraskar meg på telefon, seier han.
Standsmessig
Torsdag kveld møter VTB Steinar på jobb i Universitetets aula i Oslo. Der jobbar han 50 prosent som multiteknikar, det vil seie ein husteknikar som ordnar med lyd, ljos og streaming i festsalen.
– Eg legg også til rette for folk som låner lokala.
Han viser oss rundt, og gjev uttrykk for at han er svært godt fornøgd med å få jobbe ein slik stad.
– Det er ganske standsmessig, smiler han.
Fyresdølen er utdanna ved NTNU i Trondheim og har ein mastergrad i musikkteknologi. Han jobbar 50 prosent frilans, mellom anna som lydteknikar for artisten Symre frå Morgedal. Steinar komponerer musikk for seg sjølv og andre, og lagar også musikk til teater og TV.
Han har skrive masteroppgåve om bruk av KI-verktøy.
– Eg brukar KI aktivt. Det er veldig interessant med tanke på å utvide det kunstnariske potensialet. Eg likar å utforske nye klangar og oppdage nye lydar, men har ikkje bruka KI-promptar til å lage ny musikk. Mange bruker KI på feil måte, og mister dessverre eigeforholdet til kunsten, meiner Steinar.
Lengtar heim
Etter åtte år i Trondheim flytta Steinar til Oslo. Nå bur han på Adamstuen ved Bislett - eit område han definerer som «veldig triveleg».
– Når ein jobbar med musikk og kunst er det fint å bu i Oslo. Trondheim var litt for langt vekk frå heime. Nå kan eg reise litt meir heim til Fyresdal, og det er lettare å halde på nettverket mitt.
– Sa du nå Fyresdal, ikkje Førsdal?
– Å nei, det er i så fall veldig flaut. Då skin det igjennom at eg har vore for lenge borte heimanfrå, ler han.
Han er ærleg på at han av og til lengtar skikkeleg heim.
– Det er vel det med røter då. Det kjennest ut som det er der eg høyrer heime.
Han fortel om familiegarden Skålid nigard som han kan overta om han vil.
– Eg har ikkje slått det frå meg. Eg er veldig glad i plassen, og har hjelpt mykje til der i oppveksten. Garden har vore i familien i mange år. Eg kan mest sjå for meg slitet til forfedrane der.
Nå som Steinar har fått 100 000 kroner, kva skal han eigentleg bruke pengane til?
– Eg jobbar med musikkteknologi, og utstyret er ganske dyrt. Eg kjem til å bruke pengar på lydmiksar og mikrofonar til feltopptak. Det er deilig å få inspirasjon frå naturen, og ikkje berre sitje framfor PC-en.
Han hadde nesten gitt opp å få stipend då han var inne på nett og sjekka for nokre dagar sidan.
– Eg trur eg søkte i oktober og har ikkje høyrd noko sidan, så eg tenkte eg hadde fått avslag. Nå må eg og kjærasten rett og slett feire litt!
Meir mangfaldig kulturliv
To andre vesttelar har fått også kunstnarstipend – Lars Erik Skjøtskift Øygarden, 50 000 kroner, og Ottar Kåsa, 60 000 kroner.
I ei pressemelding frå Kulturdirektoratet kjem det fram at regjeringa har sett av 527 millionar kroner til Statens kunstnarstipend i år.
5459 kunstnarar, til saman 12 936 søknadar, har søkt om stipend. Eit rekordstort tal på søknadar vitnar om høg kunstnarisk aktivitet og kvalitet, står det i pressemeldinga.
– Stipenda gjev kunstnarar meir tid og større fridom til å skape. Resultata er fleire framsyningar, konsertar, utstillingar og bøker av høg kvalitet over heile landet, og eit rikare, meir mangfaldig kulturliv som utfordrar, rører og samlar oss, seier Trude Gomnæs Ugelstad, utvalsleiar for Statens kunstnarstipend.
Ho legg til at me i ei tid prega av uro, polarisering og raske endringar treng kunst som gjev rom for refleksjon, fellesskap og nye perspektiv.