Løpebrør: Sidan det fyrste løpet i 2021 har brørne Tarjei (t.v.) og Sondre Røed Momrak hatt ei bratt utviklingskurve og oppnådd gode resultat som lang- og mellomdistanseløparar.
Ingrid Byggland
Løpebrørne vil slå bestefar sine rekordar: – Han er ein inspirasjon
Det heile byrja med oppmodinga frå bestefaren om å delta i eit konkurranseløp. Sidan den gongen har brørne Sondre og Tarjei Røed Momrak trena målretta og oppnådd gode resultat som lang- og mellomdistanseløparar.
I ei koseleg stove i Momraksgrend i Fyresdal sit brørne Sondre (17) og Tarjei Røed Momrak (15) saman med foreldra, Ann Merete Røed og Oddvar Momrak. Det er ingen tvil om at løping har vorte ein stor del av kvardagen deira.
Det heile starta med at bestefar, som i yngre dagar var aktiv løpar sjølv, tipsa brørne om eit løp i Tvedestrand. Det var her den fyrste gnisten til konkurranseløping vart tend. Då var brørne 12 og 14 år.
– Eg sprang 600 meter, og så vann eg, seier Tarjei.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP