Barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap).

Vågslid om sosiale medium: – Me har alle svikta

Barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) er på intensiv rundreise for å få nordiske kollegaer med på laget for aldersgrense for sosiale medium.

Publisert

Onsdag måtte Vågslid svare i Stortinget om arbeidet til regjeringa med å innføre aldersgrense i sosiale medium, melder Altinget.

– Her har me alle svikta dei siste ti til femten åra, seier ho.

Vågslid meiner det hastar med å få på plass ei aldersgrense for sosiale medium. Då regjeringa sende forslag om aldersgrense på høyring, fekk dei rekordmange innspel. Særleg mange bekymra foreldre sende inn høyringssvar.

– Eg meiner at me oververnar barn i det fysiske rommet og undervernar dei i det digitale. Sosiale medium har vore heilt uregulert veldig lenge og mange av oss som er foreldre kjenner på det no, seier Vågslid til Altinget.

Statsråden har den siste tida vore på turné hos nordiske kollegaer, som held fram etter nyttår. Målet er å få nordiske kollegaer med på laget.

Danmark har vedteke aldersgrense på 15 år, med unntak ved foreldresamtykke ned til 13 år. EU-parlamentet stemde nyleg for ei aldersgrense på 16 år, med same unntak.

Vågslid seier ho er usamd i at det bør innførast unntak ned til 13 år.

– Me kjem ikkje til å vente på EU eller lene oss på dei når det gjeld vår eiga lovgiving, seier ho.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS