Ynskjer velkomne til ein litt rocka joleturné
Fem unge musikarar frå Telemark er klare for åtte konsertar før jol. Og dei blir litt meir rocka enn tradisjonelle jolekonsertar, lovar dei.
Det var trommeslagaren frå Treungen, Jon Espelid, som hadde ideen om ein joleturné i fjor.
– Eg tenkte det hadde vore kult å samle ein gjeng frå Telemark, seier han.
Nå har han fått med seg eit heilt band – storebroren Tov Espelid frå Treungen, Symre Taugbøl Bang frå Morgedal, Torjus Gravir Klykken frå Solum og Audun Rørmark frå Bø.
Fredag startar dei opp med konsert på ungdomshuset i Treungen, laurdag blir det konsert på samfunnshuset i Fyresdal, og seinare skal dei til Brunkeberg, Vrådal, Vinje, Gvarv, Skien og Oslo.
Til saman handterer dei både trommer, gitarar, bass og fele. Og fire av dei skal også synge.
Bra å spele heime
Dei unge musikarane meiner det er viktig å spele der ein kjem frå.
– Og Symre seier me må skjerpe oss litt ekstra når me spelar i Telemark, smiler Jon.
Kanskje er det fordi ho sjølv er ekstra nervøs når ho skal spele på heimebane. For musikaren frå Morgedal, meiner det er mykje skumlare å spele i Brunkeberg kyrkje, enn det er å spele i Oslo.
Ho trur det handlar om at mange kjenner henne når ho spelar i heimbygda.
Ikkje berre flott
«Me er mange som hatar jol», er ei av låtane til Symre. Ho er oppteken av at jola ikkje nødvendigvis er så flott og fantastisk for alle.
– For mange kan det òg vere ei vanskeleg tid, seier ho.
Jolekonsertane blir derfor ikkje for glatte. Dei lovar at det blir litt gøy, litt trist, litt uhøgtidleg og litt rocka.
Ein som også skal vere med turnéen er Olav Espelid. Han er far til Jon og Tov og skal vere med som lydmann.
– Det er skikkeleg stas. Det er ikkje alle som får vere med borna sine på turné, smiler lydmannen som også har sørgja for eit fire meter langt joletre til opningskonserten på ungdomshuset Solborg.
Musikarar på fulltid
Jon, Tov og Symre er alle musikarar på fulltid.
Symre, som flytta heim til Morgedal i haust, har hatt meir enn nok å gjere denne hausten. I februar kjem ho ut med nytt album. Det heiter «Ikkje noko for meg», og grendehuset i Morgedal står på turnélista til våren.
Tov har også brukt hausten på å spele inn plate. Debutplata kjem ut i løpet av 2026, og også han lovar konsert på heimebane. Han spelar også med bandet Drongo, og i tillegg blir det ein del strøjobbar rundt omkring.
Jon har hatt det travelt med bandet Pumpegris, som blant anna vart årets stjerneskot under musikkfestivalen By: Larm i år. Han spelar også i bandet til Symre, og har det siste året også vore rundt og spelt på skular i Noreg, med den kulturelle skulesekken.
Løna har han brukt på nye trommer.
For ikkje lenge sidan var han i Stockholm og henta seg eit heilt nytt, glitrande trommesett – eller nytt er det ikkje. Skarptromma er frå 1890, fortel han, og resten av trommesettet er frå 1965.
– Gamle trommer lét ofte litt varmare enn nye trommer, forklarar han.