Budsjett-torsdag i Vest-Telemark
Kommunane har vist at dei forstår verdien av å ha eit breitt tilbod for innbyggjarane sine
Rask Psykisk Helsehjelp ser ut til å ha overlevd det Vest-Telemark blad har kalla «Budsjett-torsdag i Vest-Telemark».
Kommunane er under press. Talet på eldre aukar, talet på yrkesaktive per eldre går ned, talet på barn går ned. Allereie knappe ressursar må rettast mot eldre og omsorg i livets siste fase. Framtidas kommunar treng «alle på dekk» – folk må stå lengre i arbeid, og for å få til dette må befolkninga også halde helsa ved like. Mange indikatorar tyder på at den norske befolkninga generelt har god helse. Det einaste området der pila peikar i feil retning gjeld befolkninga si psykiske helse, som har gått ned dei siste ti åra. Kva dette skuldast, er ikkje lett å seie, men vi har meir konkrete svar på kva som kan vere nyttig hjelp. Tenesta Rask Psykisk Helsehjelp (RPH) er blant tiltaka som blir trekt fram som svært kostnadseffektive, og det er difor gledeleg å sjå at RPH Vest-Telemark ser ut til å ha overlevd «budsjett-torsdag».
RPH er eit gratis, korttids behandlingstilbod for personar busett i Vest-Telemark, der ein kan få rask tilgang til effektiv behandling utan tilvising frå lege. RPH tilbyr ulike kurs, rettleia sjølvhjelp, gruppe- og individualterapi etter kognitiv metode, med fokus på samanhengen mellom tankar, kjensler og handling. Tilbodet vart oppretta som eit samarbeidsprosjekt mellom Vest-Telemark-kommunane i 2023, med 3,5 årsverk fordelt på 5 tilsette med brei tverrfagleg kompetanse. Målet er å gi tidleg hjelp til personar som strevar med angst, depresjon, stress, søvnproblem eller begynnande rusutfordringar i mild til moderat grad, og som sjølve ønskjer å gjere ei endring. På denne måten kan ein stå betre i arbeid, utdanning og sosiale aktivitetar, og unngå ei mogleg forverring av helsesituasjonen. Dei fleste av oss vil på eit tidspunkt i livet vere i målgruppa for RPH; periodar der vi strevar psykisk, der vi kanskje er på veg til eller har blitt sjukmeldt, men er for friske for DPS/spesialisthelsetenesta. Å vente på behandling er ikkje god medisin, og det er heller ikkje god samfunnsøkonomi.
RPH-modellen er utvikla i England og har sidan 2012 blitt prøvd ut i Noreg. Per no har 84 av landets 357 kommunar implementert modellen. Bak implementeringa står mellom anna NAPHA, Norsk forening for kognitiv terapi, Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsedirektoratet. Denne støtta sikrar at tilbodet i RPH blir evaluert løpande, at opplæring og rettleiing av tilsette blir oppretthalde, og at det allereie godt dokumenterte kunnskapsgrunnlaget for modellen stadig blir utvida.
Under årets Arendalsuke peikte seniorforskar ved FHI, Marit Knapstad, på nyare forsking på RPH-modellen som syner effekten av behandling ved RPH samanlikna med behandling («Treatment as usual»/TAU) tilsvarande pasientar får i norske kommunar utanom RPH. Kort oppsummert viser funna:
Klinisk effekt er dobbelt så stor som ved vanleg oppfølging (TAU). Kostnadseffektiv modell: 1 kr investert i RPH kan gi 5 kr i samfunnsmessig gevinst gjennom betre psykisk helse og fungering, auka arbeidsdeltaking og mindre behov for vidare helsetenester. Dette blir rekna som svært god avkastning. Men: Dette forutset at RPH-modellen blir brukt og følgd!
Må kommunar velje mellom RPH og kommunal psykisk helseteneste for vaksne? Er det konkurranse om same pasientgruppe? Det korte svaret er nei.
Vi treng båe delar.
RPH er ikkje riktig tilbod for alle, men for mange med milde til moderate psykiske plagar som har vart over kort tid, kan kortvarig og målretta behandling ha svært god effekt. Samstundes er det behov for god og nyttig hjelp til pasientgrupper med meir samansette og komplekse utfordringar, utfordringar som krev godt samarbeid med fastlege, Nav og kanskje DPS, og som kan trenge meir langvarig og koordinert oppfølging. Her er den kommunale psykiatritenesta heilt uvurderleg!
Med årets «budsjett-torsdag» i Vest-Telemark har kommunane vist at dei forstår verdien av å ha eit breitt tilbod for innbyggjarane sine. RPH Vest-Telemark takkar for tilliten, og fortset arbeidet med å tilby kurs, grupper og individuell oppfølging. Følg gjerne med på kommunens nettsider og Facebook-sida til RPH for oppdateringar og nyheiter.
På vegner av RPH Vest-Telemark
Gørild Bothner Kanstad
psykologspesialist, Interkommunal psykologteneste og RPH