Linn Charlotte (t.v.) og Venke saman med ein av suvenirane som vart med heim til Dalen frå turen i Indonesia.

Venke og Linn Charlotte fortel om reiser som gjev håp

Linn Charlotte og Paul har segla jorda rundt i over ti år. Ein sommar mønstra Venke Bakke frå Dalen på. Seglasen gjekk i Indonesia. 

Publisert

Ingen globetrotter, berre litt nysgjerrig. 

Slik omtalar Venke Bakke seg sjølv. Då er det annleis med besøket ho har fått heime på Dalen i starten av desember – Linn Charlotte Klund og Paul Lübbe og den vesle sonen deira. Linn Charlotte og Paul har i over ti år segla jorda rundt, og mesteparten av etappane vart gjort i den ti meter lange seglbåten «Amanda». Med seg om bord har dei ikkje gjester, men mannskap. Alle skal bidra med det dei kan. 

Sommaren 2022 blei Venke med på ein trevekers seglas i Indonesia. 

Venke og Linn Charlotte hadde ikkje møtt kvarandre sidan dei studerte saman i 2009. Sommaren 2022 var dei på segltur saman i tre veker.

– Eg hadde ingen segleerfaring, så eg var observatør og assistent. Det var utruleg spennande å oppleve kulturen, maten, møte menneska og sjå korleis dei prøver å reparere skader som menneska gjer på naturen, fortel Venke. 

Turane om bord i seglbåten er ikkje «berre» ein segltur i eksotiske farvatn. Turane skal ha mål og meining. Dei samarbeider med lokale organisasjonar og bedrifter, og har mellom anna jobba med korallrestaurering, strandrydding og dyrelivsvern. I 2021 var dei med å stifte båtfellesskapet Wicked Horizon rundt ein større ekspedisjonsbåt. 

Då Venke vart med var temaet for seglekspedisjonen «Corals, Culture and Dragons». 

Medan menneskeleg aktivitet truar korallrev i havet, er det også menneske som jobbar for å redde dei. I Indonesia deltok reisefølget om bord i Amanda i dette arbeidet – dei hjelpte korallane å bygge seg opp igjen ved å sette opp armeringsjern med litt elektrisk spenning i, då får korallane noko å feste seg i som dei treng om dei skal klare å restaurer seg sjølv. 

Eit trist, men også litt for vanleg syn i Indonesia, ifølge seglarane.
På veg til Monkey Island for å delta i eit strandryddingsprosjekt.
Dei seglar forbi den aktive vulkanen Anak Krakatau.

Klima og miljøproblema kom tett på i løpet av turen. Venke var sjokkert over all mengda av plast i havet. 

– Det var enormt mykje. Kontrasten blir stor – det var så fantastisk vakkert, som eit paradis og så kom det flytande alt mogleg rart av plast, flipfloppar og alt mogleg rart. 

Mannskapen om bord i Amanda jobba for å redde korallar når dei segla i Indonesia.

Å reise kloden rundt har ikkje gjort at Linn Charlotte og Paul har mista trua på framtida, jorda eller menneska. Tvert imot, verda er ikkje så verst, meiner dei to, og det er bodskapen dei vil dele.  

Verda er ikkje perfekt, men

Dei siste åra har Linn Charlotte og Paul segla fire-fem månadar i året, og reist rundt i Noreg og Tyskland med foredrag resten av året. Formidling av det dei opplever på turane er viktig for paret, og dei brukar både Facebook og Instagram for å nå folk både med sitt inntrykk av verda og for å nå dei som vil vere med som mannskap.

I Noreg besøker dei mange folkehøgskular, men også kulturhus. I Tyskland, Paul sitt heimland, er det ikkje vanleg med kulturhus, derfor har dei foredrag på ulike teater rundt i landet. 

I starten av desember var det Dalen sin tur. 

Linn Charlotte (t.v.) og Venke studerte saman i Nicaragua i 2009.

Tittelen for foredraget er «Verden er ikkje så verst» – hovudinntrykket Linn Charlotte og Paul har av verda. Sjølv om dei også stiller spørsmål om dette kanskje er ein dristig påstand i 2025. 

– Det er ikkje perfekt og me ser mykje miljøelendigheit. Men me møter også så mange folk som gjer det beste ut av det, fortel Linn Charlotte.

Paul meiner me treng eit meir nyansert bilde av verda.

– Me vil formidle eit bilde er av verda som er hakket meir nyansert enn det me ofte ser i media. Ja, me ser tydeleg at det er klimaendringar, men me ser også mange gode prosjekt som fungerer, seier Paul. 

– For eksempel blir det stadig sagt at klimaendringane kjem til å føre til krig og konflikt fleire stadar i verda. Men kvifor må det vere ei sjølvfølge? Det er jo me, menneska som lever her, som bestemmer vegen vidare, meiner han.

Linn Charlotte er sosialantropolog og Paul er samfunnslærar, og dei meiner sjølve at bakgrunnen har hjelpt dei å komme tett innpå mange små øysamfunn. 

– Menneska her har delt sine berekraftige, håpefulle praksisar og ikkje minst sitt syn på verda med oss, fortel Linn Charlotte. 

Paret ønsker å formidle eit nyansert bilde av verda, fortelje om alle dei som jobbar for å hjelpe naturen, om håp og prosjekt som faktisk fungerer. 

Då er det viktig å gjere noko, snu vanar, men også ha håp. Venke har trua på kommande generasjonar. 

Venke hadde ingen seglerfaring før turen i Indonesia.

– Mange unge er veldig reflekterte. Om dei ikkje tek over våre, altså min generasjon sine, dårlege vanar – så er det klart det er håp for verda! Håpet er ei viktig drivkraft – det har det alltid vore, seier Venke. 

Kva gjer oss eigentleg lykkelege?

Dagane Linn Charlotte og Paul er på Dalen er omtrent midt imellom black friday, week, month og sjølvsagt Cyber Monday – og jolehøgtida. Fokuset på det materielle her i Noreg samanlikna med dei lokalsamfunna som Venke var med å besøke i Indonesia, er stor. I kjøpefesten før jol ser ein det kanskje ekstra godt? 

– Me såg i Indonesia at folka der hadde så lite materielt, men så lenge dei hadde nok mat, fellesskap, samhald, humor og også galgenhumor – så var dei lykkelege. Nokon gonger trur eg me druknar litt i det materielle her, seier Venke. 

– Men kven kan bestemme kva som er ei vellykka jol? Me tenker kanskje at det må vere så og så mykje under treet. 

For kva gjer oss eigentleg lykkelege? Meir ting? 

I Indonesia såg dei også kor viktig fellesskapet var. At folk kanskje ikkje jobba så mykje, meir i periodar det var behov, og så kunne dei legge vekk jobben meir, om dei hadde nok, og heller vere saman. 

– Du får mange refleksjonar på ein reise som dette. Det er mange alternativ for korleis me kan leve, det finst ingen fasit, seier Venke. 

Dette bilde har tittelen: Vennskap utan grenser. For både Venke og Linn Charlotte er menneskemøta noko av det som gjev sterkast inntrykk når dei er på reise.
Powered by Labrador CMS