Sikra sigeren på heimebane
Kvitsund sitt damelag kunne juble for siger i haustens pokalserie torsdag kveld, sjølv om ein kamp står att.
Elevane frå dei tre klassetrinna ved Kvitsund gymnas utgjer spelarstallen til 9-ar laget frå idrettslaget på Kvitsund.
Laget har i haust spela i 5. divisjon kvinner 9-ar pokalserien, der dei møter lag frå Åmdal/Tokke, Rjukan/Tinn og Sauherad. Det har gått vegen for jentene med to sigrar og to uavgjorde kampar så langt i haust.
Torsdag kom laget frå Rjukan/Tinn på besøk til Kviteseid stadion. På grunn av ein avgrensa spelarstall hos gjestene blei kampen spela som 7-ar.
Kvitsund-jentene var raskt i leiing, hadde plassert dei fire fyrste måla i nettet til pausen og vann til slutt kampen heile 6–0. Målskårarar var Linnea Metveit-Haugo (2), Maria Metveit-Haugo (1), Linnea Sanden (1) og Åse Aarbakk (1).
Kvitsund leiar tabellen med 11 poeng før dei tre andre laga som har 5 poeng. Resultatet sikrar at dei alt torsdag kveld kunne juble for siger i haustens pokalserie.
Kvitsund-laget har ein kamp att i haust då dei møter Åmdal/Tokke på Dalen kunstgras tysdag kveld 29. september. Her kan også toppskårarlista bli avgjort.
Før dei to siste kampane mellom Åmdal/Tokke og Kvitsund og Rjukan/Tinn og Sauherad er det delt pallplass på toppskårarlista mellom Mari Gaastjønn og Åse Aarbakk som begge har skåra fem mål i haust.