Petter (17) siktar høgare i vinter
17-åringen frå Haukeli kjenner seg sterkare enn før og vil nærme seg noregstoppen i juniorløypa.
Petter Lindskog gjekk fort og sytte for at Vest-Telemark hadde ein utøvar høgt oppe på resultatlistene i nasjonale juniorrenn førre vinter. No håpar 17-åringen frå Haukeli å ta nye steg i si andre sesong på juniornivå.
– Eg kjenner meg ein god del sterkare no enn på same tid i fjor. Det må eg òg vera for å kunna hevda meg. Konkurrentane har nok teke steg dei òg, men eg håpar å vera nærare dei beste i landet denne vinteren enn eg var i min første juniorsesong. Eg har testa betydeleg betre gjennom hausten, seier Petter til VTB.
Den eldste av dei tre sportsinteresserte Lindskog-brørne har nyleg fylt 17 år. Det er snart halvanna år sidan han flytta på hybel og byrja på skigymnaset på Hovden. Moglegheita til å kombinere skulegang og skisatsing gjorde valet enkelt. Det har han ikkje angra på.
Har funne seg til rette på Hovden
– Eg stortrivst på Hovden. Det er eit godt miljø, og eg har fått mange nye kameratar. Det er meir motiverande å trene saman med andre enn å gjennomføre dei fleste øktene åleine, slik eg ofte måtte då eg budde heime og gjekk på ungdomsskulen. Då var eg òg ein av få i Telemark på mitt årstrinn som satsa, seier Lindskog.
Rett før jol sesongdebuterte han med ein sterk andreplass i gutar 18 år i Hovdenrennet. Han var rimeleg nøgd både med plasseringa og prestasjonen.
– Det viktigaste var gjennomkøyringa og å få testa seg før jol. Mildvêret gav kort trase og krevjande forhold. Dei eldste måtte gå fleire rundar i tokilometerstraseen, seier han.
Ser fram til noregscupstart
Lindskog er usikker på om det blir fleire renn før nyttår.
– Det viktigaste no er å få trena godt, slik at eg er klar når den nasjonale sesongen startar på Beitostølen tidleg i januar. Det er der dei første noregscuppoenga skal delast ut. Forhåpentlegvis får eg med meg nokre, seier han.
– Kva mål har du før sesongen?
– Hovudmålet er å halda fram utviklinga og samstundes nærma meg dei beste på alderstrinnet. Eg meiner det er mogleg dersom eg held meg frisk og får ut potensialet. Denne vinteren siktar eg ein god del høgare enn i den første juniorsesongen, seier skigymnasiasten.
Håpar på topp ti
Lindskog legg ikkje skjul på ambisjonane i fristil.
– Eg har lyst på topp ti-plasseringar i distanserenn i skøyting. Eg håpar òg at ein plass i ein sprintfinale i noregscupen eller junior-NM skal vera innan rekkevidd dei neste vekene og månadene, seier han.
I klassisk er ambisjonane noko meir nøkterne, sjølv om han har hatt framgang.
– Eg jobbar hardt med den stilarten òg. Eg har terpa teknikk og kjenner meg betre. På ein god dag håpar eg det skal vera mogleg å koma blant dei ti beste, men då må alt stemme. Det er mange som satsar og har høgt toppnivå, seier Lindskog.
Dårlege snøtilhøve
Snøvinteren har så langt vore svak både på Hovden og Haukeli.
– Det er sjølvsagt ikkje optimalt, men det er lite eg får gjort med det. Håpet er at det kjem meir snø snart, seier han.
Gjennom sommar og haust har IL Rein-løparen lagt ned mykje arbeid i treninga. Noregscupen og junior-NM er dei store måla for vinteren.