Pasientane har blitt flinkare. Det gjer at fleire får behandling
Pasientane ved Sykehuset Telemark er blant dei flinkaste i Helse Sør-Aust til å møte opp til den avtalte sjukehustimen.
Tal frå Helse Sør-Aust viser at 2,3 prosent av pasientane ved Sykehuset Telemark ikkje møtte til timen sin i første halvår i år. I Helse søraust var det berre Sunnaas sjukehus hadde lågare del, med 2,0 prosent.
Til samanlikning var gjennomsnittet i Helse Sør-Aust 3,1 prosent.
Om ein samanliknar med tala for fyrste halvår 2024 er det om lag 10 000 færre pasientar som uteblir frå timen sin.
– Når 10.000 fleire pasientar møter til timen sin, betyr det 10.000 fleire konsultasjonar som kan gjennomførast. Det er eit viktig bidrag i arbeidet med å redusere ventetidene, seier administrerande direktør i Helse Sør-Aust RHF, Terje Rootwelt i ei pressemelding.
Helse Sør-Aust meiner utviklinga kjem både av at pasientane er blitt meir medvitne om å møte opp, og at sjukehusa har jobba systematisk med tiltak for å redusere fråværet.
– Pasientane fortener ros for at dei møter opp eller gir beskjed når timen ikkje passar. Samstundes har sjukehusa teke i bruk digitale innkallingar, påminningar og andre tiltak som gjer det enklare å halde oversikt over avtalane sine, seier Rootwelt.
Han oppmodar framleis pasientar som ikkje kan møte, om å gi beskjed så tidleg som mogleg.
– Me veit at det ikkje alltid passar med ein oppsett time. Dersom pasientane seier frå i god tid, kan sjukehuset tilby timen til ein annan pasient som ventar på hjelp, seier han.