Er det nokon som kjenner desse karane, undrar Tor Strømme. Nå får han svar.

– Pappa sit i lastebilen og Emil køyrer beltelastar

I samband med jubileet for Tokkeutbygginga har fleire kjent att gamle bilde frå anleggstida.

Publisert Sist oppdatert

Gamle bilde engasjerer, og Tor Strømme spurde tidlegare om hjelp frå VTB-lesarane til namn på bilde han hadde i samband med jubileet etter Tokkeutbygginga. 

Thorfinn Haugo kontakta VTB og kunne fortelje at det var far hans som sit i lastebilen, under driving av Liostasjonen, truleg i 1966. 

Namnet på dei fem arbeidskarane blei det også respons på. Ivar Lauvås kontakta VTB, og kunne fortelje at han kjende karane att.

Lauvås seier karane er: Frå venstre Hersel, Lars Moastuen, Bekkstrøm, Jørgen Lauvås og Ola Hagen.
Thorfinn Haugo opplyser at det er far hans, Gunnar T. Haugo, som sit i lastebilen og Emil Nordbø frå Byrte som køyrer beltelastaren.
Powered by Labrador CMS