Øystein (15) og Aira bestod prøvene
Etter å ha bestått både blodspor- og fersksporprøve er Øystein Ringhus Bjåen og den unge elghunden Aira godkjende som ettersøksekvipasje. No håpar dei å få brukt kunnskapen både under jakt og når skadd vilt skal sporast opp.
Øystein Ringhus Bjåen (15) frå Åbø i Vinje har saman med den 13 månader gamle grå elghunden Aira blitt godkjend som ettersøksekvipasje. Det er få på hans alder som har oppnådd det, og no kan dei bli bruka til ettersøk av skadd elg og hjort, i tillegg til jakt.
– Det er ganske stas, seier Øystein om det å få godkjenninga.
Bestod begge prøvene
For å bli godkjend måtte Øystein og Aira bestå både blodsporprøve og fersksporprøve.
Blodsporprøva gjekk dei tidlegare i vår.
– Då gjekk me om lag 600 meter på blodspor. I enden ligg det ein elgfot som har lege ute i 24 timar. Han skal bikkja finne fram til. Det gjorde ho, så då fekk me godkjent, seier Øystein.
Førre veke fekk dei sjansen til å gå fersksporprøva. Etter at dei hadde observert elg på viltkamera, vart dommar Ånund Vaa kontakta.
For å få godkjent prøva, må dei fylgje spor i ein halvtime, og dommaren vurderer både farten, korleis bikkja oppfører seg og korleis dei løyser oppgåva saman.
– Det gjekk bra, og me kom ganske nær elgen, så me fekk me godkjent, smiler 15-åringen.
Mange timar med trening
Godkjenninga kjem ikkje av seg sjølv. Treninga starta då elgjakta tok til i fjor haust.
– Då fekk me Aira til å hugse kva ho skulle gå på, og ho fekk mellom anna bite på elgen, fortel Øystein.
Sidan har dei trena jamt og trutt, både heime i tunet, i skogen og på kurs.
Både Øystein og faren Jan Stian Bjåen trekker fram kursa med Ånund Vaa som viktige.
– Eg lærer mykje, og han er flink til å lære bort, seier Øystein.
Jan Stian meiner slike kurs er viktige for å få fleire unge inn i miljøet.
– Han er flink til å forklare og gjer dei trygge. Han viser engasjement, og det trengst slike som han, seier han.
Begge håpar fleire ungdomar får interesse for jakt og hundesport.
– Det er ikkje alle som likar fotball, så det er bra med noko anna også, seier Jan Stian.
Han fortel at sonen har lagt ned mange timar med trening.
– Øystein er veldig interessert, så me har støtta han og latt han prøve seg, og så hjelper eg med den erfaringa eg har når han treng det, seier han.
Han synest det er ekstra moro at sonen har fått «bygge opp» Aira heilt frå ho var kvalp.
– Og så er det er litt artig at dei er unge begge to. Det er ikkje så ofte ein ser, seier han.
– Du må stole på hunden
Ein godkjend ettersøksekvipasje kan kallast ut dersom elg eller hjort blir skadeskoten eller påkøyrd.
– Det hadde vore moro om nokon ringde og trong hjelp av meg, seier Øystein.
Han ser òg fram til hausten, når Aira skal brukast meir under jakta.
– I år trur eg at eg skal sleppe Aira ein del. Eg gler meg veldig til det.
Gjennom treninga er det éin ting han meiner er viktigare enn alt anna.
– Du må stole mykje på hunden, særleg når du går prøvene. Du må ikkje dra henne dit du sjølv trur det er. Det er ho som luktar kvar ho skal gå. Du må lære deg å lese hunden.
På spørsmål om det er vanskeleg, ristar han på hovudet.
– Nei, du må berre ha tillit og kjenne hunden godt.
Sjølv meiner Øystein det beste med denne hobbyen er å sjå kor godt Aira trivst ute.
– Det er artig å sjå korleis ho trivst i skogen. Og så blir ein endå meir glad i henne når ein er mykje ute og går, seier han.
Mål om junior-NM
Sjølv om Øystein no har nådd eitt mål, har han alt sett seg nye.
– Eg har lyst til å bli med i junior-NM i laushund. Det hadde vore artig.
For å kunne delta må Aira fyrst oppnå fyrsteplass på ei jaktprøve.
– Viss me trenar ho nok til at ho får fyrsteplass på ei jaktprøve, så kan me melde interesse, fortel Øystein.
Jan Stian legg til at fleire forhold tel med når deltakarane blir valde ut.
– Ein står sterkare om ein har ei ung bikkje, og om ein er godkjend til ettersøk. Dess meir dokumentasjon ein har, dess betre stiller ein.
Familien har også eit mål om å få Aira til jaktchampion. Det er ein av dei gjævaste premieringane ein jakthund kan få.
– Då må ho gjennom tre jaktprøver og få fyrsteplass av tre ulike dommarar.
Å bli jaktchampion betyr fyrst og fremst mest for stamtavla, forklarar dei.
Aira har dessutan gjort det godt på utstilling. På to utstillingar har ho fått ein fyrsteplass og ein andreplass. Då blir ho vurdert på korleis ho ser ut, oppfører seg, og korleis ho spring.
– Dei har trena mykje på dette også, skyt Jan Stian inn.
– Ja, me trenar på å springe og stå på ein ordentleg måte. Det kan vere litt vanskeleg når det er mange bikkjer rundt. Og det kan vere litt flautt viss ho ikkje oppfører seg, så det er viktig å øve, smiler Øystein.
No ser både hund og førar fram mot hausten – og kanskje den fyrste telefonen om eit ekte ettersøk.