Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) meiner den nye ordninga vil gjera at pasientar sparer tid og pengar på å sleppa å reisa til fastlegekontoret.

No kan du få videokonsultasjon hos fastlegen

Frå 1. april skal fastlegar kunna tilby konsultasjonar via video, tekst og telefon. Kravet er ein del av den nye fastlegeforskrifta som vart vedteken i fjor.

Publisert

– Velferdsstaten skal vera den beste helseforsikringa du har. Det betyr også at me skal ha ein tilgjengeleg, moderne og fleksibel allmennlegeteneste, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) i ei pressemelding frå regjeringa.

Den nye fastlegeforskrifta tredde i kraft 1. januar i år. Plikta til å tilby digitale tenester vart sett til å gjelda frå 1. april, slik at fastlegar og kommunar skulle få tid til å førebu seg.

Det er fastlegen som avgjer om kvar enkelt førespurnad er trakter seg for oppfølging digitalt.

Vestre meiner pasientar kan spara tid og pengar på å sleppa å reisa til fastlegekontoret i dei tilfella det ikkje er nødvendig.

– I 2026 lever folk digitale liv. Me forventar at helsetenestene også er digitale, seier han.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS