Letta etter budsjettforhandlingane
Rektor ved Seljord folkehøgskule, Kristine Rønning, er glad for signala frå budsjettforhandlingane. Både stipendomgjeringa og tilskotsmodellen ser ut til å bli vidareførte.
– Dette er svært gledelege nyheiter for oss, folkehøgskulane og for alle dei ungdomane som ynskjer å gå på folkehøgskule, seier rektor Kristine Rønning.
Signala frå budsjettavtalen tyder på at både 40 prosent stipendomgjering for folkehøgskuleelevar og knekkpunktet i tilskotsmodellen blir vidareførte.
Dette er to viktige saker for folkehøgskulesektoren. I det opphavlege budsjettforslaget låg det inne endringar som kunne fått store konsekvensar for skulane.
– Me har vore veldig spente. Når det no ser ut til at me har fått gjennomslag for sakene våre, er det fantastisk, seier ho.
No håpar ho at det held heilt inn. Budsjettet skal behandlast og vedtakast 7. desember.
– Dersom dette blir det endelege vedtaket, er det eit viktig signal om at politikarane ser verdien av folkehøgskulen og ynskjer at tilbodet framleis skal vere tilgjengeleg for ungdom frå ulike økonomiske og sosiale bakgrunnar.
Takkar elevane for innsatsen
Rektoren ynskjer å takke alle som har engasjert seg i saka. Ho trekkjer særleg fram elevane ved Seljord folkehøgskule, som reiste til Oslo for å demonstrere og vise kva folkehøgskulen betyr for unge menneske.
Også lokalt og regionalt har fleire bidrege. Rønning takkar mellom anna ordføraren (Solveig Sundbø Abrahamsen, red. merk), som løfta saka om tilskotsmodellen inn i Vest-Telemarkrådet, fylkespolitikarar og stortingsrepresentantar frå Telemark.
I tillegg trekkjer ho fram foreldre og andre støttespelarar som har teke kontakt med politikarane.
– Dette er resultatet av eit breitt og stort engasjement. Mange enkeltpersonar har brukt tid og krefter på å løfte fram saka vår, og summen av dette engasjementet har hatt betydning, seier ho.
Solveig Sundbø Abrahamsen, ordførar i Seljord, seier til VTB at dette er kjempegode nyheiter.
– Då me tok dette opp med Telemarksbenken i oktober gav dei uttrykk for at dei hadde tru på at det ville bli reversert. Det har blitt jobba bra på mange frontar. Det hjelper å stå saman.
Sjølv om det ikkje er fleirtal for budsjettet i Stortinget trur ho uansett at det vil ordne seg for folkehøgskulane.
– Eg trur ikkje det er nokon som rokker ved dette nå. Det er veldig gledeleg og viktig at dette kom på plass for Seljord folkehøgskule, seier ho.
Fleire søkjer seg til skulen
Seljord folkehøgskule opplever også ei positiv utvikling i søkinga. På same tidspunkt som i fjor har skulen ein auke på 40–50 prosent. Fleire har også takka ja til skuleplass enn på same tid i fjor.
Rønning trekkjer særleg fram musikallinja, som ser ut til å ha god søking.
– Me er veldig glade for utviklinga og er optimistiske med tanke på neste skuleår, avsluttar rektoren.