Tov (f.v.), Eivind, Aasmund og Heine har tatt initiativ til å bygge basketballbane i Øyfjell.

Gutane fekk ein idé på heimveg – no kjem millionbanen

Det starta med ein basketkamp på Kongsberg og ein stopp på Burger King på Notodden. Eivind Nordstoga (16), Tov Solbjør (15), Aasmund Nordstoga (13) og Heine Vinjerui Bergland (12) fekk ein idé. No har dei sikra 1,3 millionar kroner til ein ny basketballbane i Øyfjell.

Publisert

– Det er ganske sjukt. Eg trur det var litt tull i starten då me snakka om det i bilen, men det blei noko av det, seier Eivind.

Den nye banen skal ligge ved sida av volleyballbanen i Øyfjell, og etter planen stå ferdig til skuleslutt våren 2027.

Vinje Maskin er i gang med å lage basketballbanen, som etter planen skal stå ferdig til våren. Truleg er han den einaste «full court»-banen i Vest-Telemark.

Frå ide til realitet

Det var på veg heim frå ein basketkamp på Kongsberg at ideen dukka opp. På ein stopp på Burger King i Notodden fekk dei auge på ein såkalla «half court», ein bane for basketball på halve storleiken av ein vanleg bane.

– Me syntest den såg ganske kul ut, fortel gutane.

Dei byrja å undersøke kva det ville koste å bygge noko liknande i Øyfjell – og aller helst ein «full court», altså ein fullverdig bane.

Prislappen var høg, men dei bestemte seg for å prøve.

Med støtte frå foreldra, som mellom anna har hjelpt til med søknader og kontakt med ulike aktørar, fekk prosjektet tidleg god fart. 

Så langt har dei fått 600 000 kroner frå Skue Sparebankstiftelsen og 300 000 kroner frå Sparebanken DIN. I tillegg har Basketballforbundet bidrege med støtte, og den samla finansieringa er no på 1,3 millionar kroner. Dei har også fleire søknader inne.

– Det er me som har starta det, seier Eivind, men understrekar at foreldra har vore viktige medhjelparar.

Mykje velvilje

– Eg er ikkje overraska over initiativet til gutane, for dei er over gjennomsnittet interessert i basket, men det er veldig moro at dei raskt fann ut at dette var noko dei kunne gå vidare med, seier Anna Vinjerui Lid, som er mor til ein av dei ivrige gutane.

Ho fortel at foreldra, med Kjetil Nordstoga i spissen, mellom anna har hjelpt til med søknader, kontakt med Basketballforbundet og praktiske formalitetar overfor Vinje kommune.

Anna fortel om eit godt samarbeid med aktørane. Kommunen har vore hjelpsam med byggesøknader og andre prosessar, medan Vinje Maskin har hive seg rundt og bidreg mykje i arbeidet med banen. Skulen i Øyfjell har også stilt areal til disposisjon, og heia på prosjektet heile vegen.

– Me trudde eigentleg at dette var litt utopisk, og at det ikkje skulle vere mogleg å få til så raskt. Men folk har verkeleg snudd seg rundt og bidrege meir enn ein kanskje kunne vente, seier ho.

Det er søkt om midlar til basketballbanen gjennom Gøyfjell aktivitetslag, som har organisasjonsnummeret som trengst for å søkje midlar. Sjølv om det er eit initiativ frå ungdomane i Øyfjell, er banen tiltenkt basketballaget Vinje Goats. Drift og vedlikehald skal skje på dugnad, med ein avtale med Basketballforbundet om å halde banen ved like og sikre at han held rett standard.

Fordel med små forhold

Anna meiner ungdomane får mykje att for innsatsen, utover sjølve basketballbanen. Dei får eigarskap til prosjektet og lærer kva som skal til for å realisere ting.

– Dei ser at det nyttar å ha idear og gjere ein innsats.

Ho trekker fram dei små forholda i bygda som ein fordel. Det kan vere lettare å samle folk og få med seg støttespelarar når ein har eit konkret initiativ.

– Eg trur det har gjeve dei ein skikkeleg boost å oppleve at vesle Øyfjell kan få til eit slikt anlegg.

Ho håpar også at engasjementet kring basketballen kan smitte over på fleire.

– Dei eldste blir førebilete for dei yngre, og er flinke til å få med seg andre på tvers av alder. Mange fell frå idretten i den alderen, men her har det nesten vore motsett. Basket er ein fin og inkluderande idrett, som er eit godt supplement til dei andre aktivitetane i nærområdet.

Gutane fortel at dei heile tida har blitt tatt på alvor med ideen, og at folk har vore veldig positive og hjelpsame.

Gler seg

For gutane handlar det fyrst og fremst om å få ein stad der dei kan trene og spele, men dei håpar også at fleire finn vegen til den nye banen.

– Me håpar han blir mykje brukt, seier Eivind.

– Og at fleire blir interesserte, legg Aasmund til.

Gutane gler seg til den nye banen står ferdig. Ifylgje gutane kan han ikkje blir ferdig fort nok. – Me gler oss veldig, seier dei.

Heine fortel at det beste med å spele basketball er at det er moro og at det er motiverande å trene og bli betre.

– Når ein blir betre, kan ein spele med lag på eit høgare nivå, seier han.

– Dessutan blir ein samansveisa som vener og lag, og ein blir fysisk god, fortel Tov.

– Er målet at fleire skal starte med basketball?

– Ja, seier dei samstemte og smiler.

Dei ser føre seg treningar i sommarferien, turneringar og også fullverdige kampar på banen. Når anlegget står klart, håpar dei å kunne invitere lag frå andre deler av Telemark og resten av Austlandet til turnering.

Alle dei fire spelar på Vinje Goats, medan Eivind og Tov i tillegg spelar for lag på Notodden. Gutane har vore tett involverte i prosjektet, og no gler dei seg til banen står ferdig.

– Jo tidlegare, jo betre, smiler dei. 

– Me gler oss veldig!

Dei meiner sjølve at dei har lært mykje av prosessen, ikkje minst at det nyttar å engasjere seg.

– Har du verkeleg lyst til noko og legg inn ein innsats, kan du få det til til slutt, seier Tov.

Rådet deira til andre ungdomar som sit med ein idé, er enkelt:

– Det er berre å prøve. Snakk med nokon foreldre eller andre som kan hjelpe, så kjem ein godt på veg, seier Eivind.

– Har du lyst til noko og legg ned ein innsats, kan du få det til, er Tov, Eivind, Aasmund og Heine einige om.

Powered by Labrador CMS