Endeleg er vegen mellom Hovden og Varland trygg.

Med piggar på beltet fyk Harald fornøgd over stålisen.

Medan naboen hans på den veglause Hovdenøya har mareritt om isen kvar natt.

Øya som vaknar til liv når isen legg seg

Isboret drillar seg gjennom stålisen på nokre sekund. – Den er tjue centimeter, seier Sven til svigerfar Harald Hovden. – Då seier me åtte tommar. Ikkje noko centimeter, kjem det kontant frå Harald. 

Publisert Sist oppdatert

Ein gong, før oppdemminga, var Hovdenøya fastland, omgitt av tre små vatn. Men det er over hundre år sidan Hovden med både skule og kyrkje blei til ei øy, omgitt av eitt stort Møsvatn.

Det er vêret som bestemmer om øybuarane kan feire jol heime, og denne gongen måtte dei feire jol på vegsida av vatnet, sidan isen ikkje la seg i tide.

– Det hjelper ikkje at det er kaldt når det bles slik, forklarar Harald medan han blandar seg ein pulverkaffe inne på skifterommet som dei fastbuande på veglause Møsstrond har på Varland.

Harald Hovden og dottera Tone i skifterommet til dei fastbuande på Varland. – Det var godt me hadde nyrydda bord her til bildet, humrar Harald.
Harald Hovden synest ikkje sein islegging er noko dramatisk. – Då har me i alle fall noko å snakke om.

Eitt stort vatn treng lenger tid for å fryse til enn tre små, men bortsett frå det er det ikkje oppdemminga som skapar problem for islegginga. Det er det vêret som gjer, og i denne jolemånaden var det ekstra mykje vêr, fortel Harald. Fyrst iskaldt, så veldig mildt og regnfylt, og så veldig mykje vind. Dermed blei det romjol før isen la seg, og vesle nyttårseftan før han kunne køyre skuter over til fastlandet.

– Det er seint, men det er ikkje uvanleg, seier Harald, som ikkje synest det gjer noko at dei må leve litt i uvisse fram til isen blir trygg.

– Då har me i alle fall noko å snakke om.

To stikker og ein bursdagsfest

– Men me kan ikkje bli sitjande her, me må jo i bursdag, seier dottera til Harald, Tone. Både ho og kjærasten Sven sit også rundt kaffebordet i skifterommet.

– Me har eit par stikker som må setjast også, kjem det frå Sven. 

Tone Hovden minner om at det er ein bursdag som ventar på Hovdenøya.
Haralds svigerson Sven prøver å stikke av frå fotograferinga under påskot om at han må stikke løype.

Det er fem dagar sidan isen mellom øya og fastlandet blei trygg, og i mellomtida har dei stikka løype frå Vågen til Varland og vidare til Hovden. Men akkurat då dei var nesten ferdige, gjekk drillen til isboret tom for straum, og dermed er det eit par stikker att som me kan ta på veg til bursdagsfest.

Me durar ut på isen, to på kvar skuter. Stikkene står tett i tett, men midt utpå er det fleire titals meter utan stikker. Sven set i gang å drille hol og måler tjukkleiken på isen med tommestokk.

– Den er tjue centimeter, rapporterer han.

– Då seier me åtte tommar. Ikkje noko centimeter, kjem det kontant frå Harald.  Så set Tone ei stikke i holet og fyller att med sno, medan Sven går nokre meter vidare og borar neste hol.

– Dei står ganske tett, stikkene?

– Me stikk for blinde og svaksynte, veit du, smiler Harald, før han legg til:

– Men endå er det for langt imellom viss det er skikkeleg uvêr.

«Fritak for hjelm»

Drill og bor blir lasta om bord i sleden til Sven, som plutseleg oppdagar at han har mista mobilen sin. Han snur for å leite, medan Tone hoppar om bord i den sjølvbygde Bamse-sleden til far sin, og far, dotter og bladfyk durar vidare mot Hovdenøya. Fart og motvind får tårene til å renne frå sistnemnde, medan Tone baki sleden har ordna seg med raske briller. Det har ikkje Harald, men hans auge renn ikkje av isvinden.

– Det var ein sesong eg brukte skuterbriller, men det blei den gongen og aldri meir, seier han. For med skuterbriller på blei han ikkje herda på same måten av vêr og vind.

– Så då måtte eg ha dei på kvar gong eg skulle ut omtrent.

Dermed droppa han brillene, og det er ikkje det einaste han har droppa. Vel inne på øya stoppar me ved eit skilt som Harald er godt fornøgd med: «Fritak for hjelm».

– Det fann eg på vårmarknaden i Seljord, ler han. Ende forbi Møsstrond kyrkje er me framme hos Harald, der det blir ein liten stopp for å plukke opp bursdagsgåver.

Så til festen

Vidare frå Harald durar me bort til nabofamilien som driv turisthytte i bygningane som før var internatskule. For i dag fyller tvillingane der, Elvira og Viktor, ni år, og dei feirar bursdagen sin på Hovdenøya for fyrste gong.

I fjor blei det akkurat ikkje øybursdag, for då var isen endå litt seinare enn i år.

– Då feira me bursdag, og så var det vel omtrent dagen etter det me kunne flytte ut på øya, smiler Eline Benneche Gulsrud. Ho har laga sjokoladekake som ho delar ut til både naboar og umelde bladfykgjestar.

– Men eg er ikkje noko bakemenneske, åtvarar ho lattermildt. 

Det er godt å vere på øya att etter jolefeiring i ei strøken hytte på Vierli.

– Litt for strøken. Eg måtte passe på kva ungane gjorde heile tida, det var så stressande. Eg har aldri sett ei så blankpolert søppelkasse i mitt liv som i den hytta, ler ho.

Å vere tilbake i internatet med traust trepanel er heilt fantastisk.

– Her kan eg droppe maskaraen og berre hive på meg ein gamal ullgenser. Det er heilt nydeleg.

Det som ikkje er fullt så flott er dette med isen. For der Harald stolar på eiga testing og fyk av stad over stålisen, kjenner Eline på ei stor frykt, sjølv om ho veit at det er irrasjonelt.

– Eg har mareritt om den isen kvar natt. Eg er berre så vidt i gang med å køyre skuter att, og det går i 10 kilometer i timen, omtrent, seier ho med både latter og alvor i stemma.

Eit hundeliv

Ein annan som ikkje er kjempebegeistra for Møsstrond-vinteren er puddelen Teddy. Det er 14 minus ute, og det er rett og slett for kaldt for han.

– Han skjelv så snart han kjem ut, så han er mest inne for tida, forklarar Eline.

Likevel går det betre med Teddy enn med Haralds bikkje. For på nyttårseftan blei hans mangeårige følgesven Trofast, som gjerne sat på med både skuter og båt, brått dårleg og døydde.  Han etterlet seg eit stort tomrom.

– Det er noko som manglar. Det er rart med det, plutseleg vil eg ut døra og sjå etter han. Men han er jo ikkje meir, seier Harald. Det skal bli ei råd med det også, for medan Harald og dei andre gjestene sit og et kake er kona og dei yngste døtrene hans på farten for å hente ein arvtakar.

– Eg liker Bella best, ho til venstre. Ho liknar mest på Trofast, seier Harald, og viser eit bilete han nettopp har fått frå hundehentarane.

På nyttårseftan mista Harald Hovden sin faste følgesven på skuter så vel som båt. Hunden Trofast blei brått dårleg og døydde den siste dagen i det gamle året. Men dei yngste døtrene til Harald på farten den fyrste laurdagen i det nye året for å skaffe ny kvalp, og medan me sit i sofaen og et bursdagskake tikkar det inn bilete av det som skal bli Haralds nye følgesven. Harald liker best Bella (til venstre), medan døtrene held ein knapp på Bonnie (til høgre),
Tone og Harald Hovden viser kvalpebilete til naboane Eline, Viktor og Elvira. Snart skal ein av desse to jentekvalpane flytte til Hovden. – Det blir dame for Teddy, det då, ler Eline – for den vesle puddelen hennar er visstnok veldig gira på paringsleik.

Nesten feriestengt

Den utrygge isen gjorde at Eline stengte turisthytta for bestillingar i joleferien – i alle fall trudde ho at ho hadde stengt. Vesle nyttårseftan viste det seg at ein bestillingsmoglegheit hadde stått open, og dermed dukka det opp ein tysk familie som ville feire nyttår på Hovden. 

Isen var ikkje heilt trygg, men med Harald som nabo vart det ei råd. Han henta gjestene i luftputebåt, og dei fekk seg ei nyttårsfeiring dei seint vil gløyme.

– Dei syntest det var heilt fantastisk med roa og freden her, det var noko heilt anna enn i Lübeck. Og ungane deira hadde jo aldri sett snø før, fortel Eline, så dei aka til elleve om kvelden kvar dag.

Og sjølv om ho har mareritt om å gå gjennom isen, ser ho også moglegheiter ved å opne ei råk. 

– Viss eg vil legge til rette for isbading, må eg til med motorsag då? spør ho sin isvande nabo.

– Ja, det er nok best. Og så kan du merke den med ein kvist i kvart hjørne, svarar Harald.

– Eg må få til ei badstove også, det er jo så in, planlegg hyttedrivaren vidare. Ho har eit pågangsmot som Harald berre må smile av. Sjølv liker han isen best når den er trygg og farbar, og med ei snorrett line av mange små hol.

Hol til stikkene som viser veg til land – og heim att til Hovden.

Skuterløypa til Hovdenøya.
Harald Hovden i sitt rette element, på skuter på Møsvatn.
Powered by Labrador CMS