Fjæra i Etne

Ledebil på E134 i Fjæra i Etne.

Nå slepp dei tunge køyretøya å vente

Måndag starta Vegvesenet med kontinuerleg kolonnekøyring for alle køyretøy på E134 i Fjæra i Etne. 

Publisert Sist oppdatert

Ingen blei skadde raset på E134 1. mars, men to bilar blei knuste, og hovudvegen mellom aust og vest var stengd i 19 dagar. Frå fredag 20. mars blei det sett opp kolonne for køyretøy opp til 3,5 tonn. For større køyretøy var det kolonnekøyring annankvar time i arbeidstida. 

Nå er eit nytt fanggjerde på plass, skriv NRK. Dermed kunne Statens vegvesen måndag sette i gang med kontinuerleg kolonnekøyring gjennom heile påska. Dette gjeld alle køyretøy. 

Vegvesenet har ingen sluttdato på når arbeidet er ferdig. 

– Det blir fort i alle fall to månader, det trur eg ikkje det er farleg å seie, sa seksjonssjef Morten Hage i Statens vegvesen til NRK 20. mars.

Powered by Labrador CMS