Mons – kanskje verdas mest berømte rev

Reven Mons har vore å besøk i Eidsborg i sommar.

Før krigen skapte platinareven Mons motebølgjer gjennom den vestlege verda. I sommar har Mons vore på besøk i Eidsborg.

Publisert Sist oppdatert
Utstillinga Revefeber – peldyrnæringa gjennom 100 år på Vest-Telemark museum.

I sommar hamna pelsdyrnæringa på museum.

Ei hundre år lang historie. Frå den spede byrjinga i 1924.

Gjennom nokre eventyrlege tiår.

Før det vart tøffare for ein bransje svært utsett for svingningar innafor både mote, økonomi og etter kvart synet på dyrevelferd.

Før styresmaktene sa endeleg stopp frå januar 2025.

Historia om Mons viser at pelsdyrnæringa vart eit eventyr for nokon.

Frå Dyrøy til Life

Her har Mons lege i sommar. Han har også fått plass i kommunevåpenet til Dyrøy.

I vinter førebudde samlingsansvarleg og prosjektleiar Benedikte Nes utstillinga som fekk namnet «Revefeber – pelsdyrnæringa gjennom 100 år», på Vest-Telemark museum i Eidsborg.

Då kom ho over ein artikkel med overskrifta «Mons har kome heim». Men kven er den lyshåra dama som tek imot Mons på vegner av heimkommunen Dyrøy?

Nes kjenner ho att.

Det er nemleg Rikke Raknes. Tidlegare kommunedirektør i Seljord, nå kommunedirektør i Dyrøy kommune. Og reven som har kome heim til Dyrøy er slett ingen kven som helst. Reven har namnet Mons. I 1939 vart han omtalt med namn i magasinet Life. Truleg den einaste reven som har oppnådd akkurat det. 

Nes tek kontakt med Raknes, og Dyrøy seier ja til å sende Mons sørover for sommaren. Mons flyr sørover og Nes reiser til Gardermoen for å hente han.  

Ventar på Mons.
Nes ventar på Mons som kjem med fly frå Dyrøy.

Eventyret frå Troms

Våren 1933 vart fem sylvrevkvalpar født på ein gard i Dyrøyhamn i Troms. Ein av dei skil seg ut fordi han er ljos og har andre teikningar i pelsen. Vanlegvis vart mutasjonar luka ut, men eigaren Martin Evertsen let den vesle leve, gjev han namnet Mons og Evertsen tek han med på utstilling i Harstad. 

Vesle Mons skil seg ut og får derfor ein del merksemd, men det er fyrst ingen som er interessert i å kjøpe han. Fram til oppdrettaren Hans Kjær får auge på Mons. Sjølv fortalde Kjær om utstillinga: 

«Der vart eg ståande og nærast vente for å sjå kven som vart den lykkelege eigaren av reven. Men utstillinga gjekk sin gang, og ingen kjøpar melde seg. Eg manna meg då opp og ba om å få sjå på reven, og det fekk eg. Aldri i mitt liv har eg kjent makan til den pelsen Mons hadde som kvalp.»

Sitt livs kupp. 

Kjær ala fram kvalpar som likna på faren og fann på namnet platinarev. Dei fyrste skinna vart sendt til auksjon i Oslo og London, og hadde ein høg fyrstepris. Seinare vart nokre fyrstesklasses skinn stilt ut i New York, London og Paris. Sonja Henie, Eva Peron og kronprinsesse Märtha får kvar sin platinapels. 

Nes kallar dei tre av denne tidas største influensarar.  

Juli 1940 er kronprinsesse Märtha avbilda i det amerikanske magasinet Life. Rundt halsen har ho ein platinarev. I magasinet blir opphavet til platinareven gjort kjent, nemleg at det stammar frå platinareven Mons frå Noreg. På denne tida skal det, ifølge Life, finnast rundt 400 platinarevskinn, alle er etterkommarar etter Mons. 

Året etter, i januar 1940, sett ein av Mons sine etterkommarar prisrekord på ein auksjon hos Lampson, Fraser og Huth.  

«Det vart den største sensasjonen og den mest fantastiske suksessen som nokon gong har skjedd på ein skinnauksjon. Prisane vart til dels heilt utrulege etter norske forhold. Det vart betalt 11 000 dollar for eitt enkelt skinn (tilsvarande 250 000 dollar i dag). Det er vel ein verdsrekord som truleg blir ståande ei tid.»

250 000 dollar er litt over 2,5 millionar norske kroner. Nes fortel at såvidt dei veit er ikkje denne prisrekorden slått. 

Som me alle veit skjedde det andre fatale ting i verda i 1940. Krigen førte også til ein brems i den internasjonale handelen. Og då freden kom nokre år seinare var motebilde eit anna.  

– Det som er veldig spesielt med Mons er jo også at det er første gang i pelsdyrnæringa si historie, også internasjonalt, at ein med vilje avla fram avkom av ein mutant. Sidan blei dette veldig viktig, fordi marknaden stadig var på jakt etter nye fargar og trendar, fortel Nes. 

Mons har tilbrakt sommaren i Eidsborg, men nå reiser han snart heimatt til heimkommunen Dyrøy.

Ingen debatt

Sommaren er godt på overtid, og 15. september er utstillinga om pelsdyrnæringa over. Då skal Mons heimatt til Dyrøy. 

Nes fortel at responsen på temporærutstillinga har vore bra. 

– Me lurte jo på om det kom til å bli noko debatt, men det har det ikkje blitt. Så den er nok over. 

Nes fortel at det har vore bra respons på utstillinga, og at dei har samarbeidd godt med både skule, kommune og privatpersonar.

For museet har det vore viktig med ein balansert utstilling – målet har vore å formidle korleis det faktisk var. Nes fortel at det har vore ei lågbudsjettsutstilling, men at dei er veldig fornøgde med både samarbeid og godvilje frå andre aktørar. Dei har bygd installasjonar sjølve, men også samarbeidd med Vest-Telemark vgs, og elevar har tatt fleire foto som heng i utstillinga. Pelsar som publikum kan prøve på er lånt frå privatpersonar. 

– Det er ei utstilling det har vore veldig moro å jobba med, og me har møtt mykje velvilje frå Nissedal kommune og frå fleire privatpersonar, fortel Nes. 

Powered by Labrador CMS