Åge Verpe er kommunedirektør i Tokke.

Meiner dei bør avvikle selskapet

Kommunedirektøren i Tokke rår politikarane til å stemme for å avvikle Vest-Telemark næringsbygg AS.

Publisert

26. januar var det eigarmøte i Vest-Telemark næringsbygg (VTN), og etter initiativ frå Seljord-ordføraren vart selskapet bedd om å greie ut dei to spørsmåla – vidare drift, korleis meiner administrasjon/styret at selskapet best drivast vidare og avvikling av selskapet, korleis kan det gjerast? 

Det vart ikkje gjort noko vedtak i saka, men nå kjem saka altså opp til handsaming i kommunestyret i Tokke. Dei skal ta stilling til saka i kommunestyret fyrstkomande tysdag. Kommunedirektøren rår politikarane til å stemme for at selskapet blir avvikla. 

Vanskeleg å sjå for seg ei aktiv rolle i eigedomsutviklinga

I vurderinga frå kommunedirektøren står det mellom at «direkte kommunalt eigarskap i aksjeselskap handlar om å forvalte innbyggarane sine verdiar på best mogleg måte – det må kort sagt vere eit tydeleg definert formål, og formålet må stø opp om å sikre gode tenester, samfunnsoppdraget og politisk styring.»

Etter spørsmåla frå Seljord-ordføraren fekk Telemark næringshage i oppdrag å gjere ei utgreiing av desse to spørsmåla. Kommunedirektøren peikar på eitt av punkta i denne rapporten som handlar om å betra ressurstilgang for ei meir utviklingsorientert framtidig drift. 

Kommunedirektøren skriv at «sjølv om dette skulle kome på plass, kan ein likevel tenke seg at enkeltprosjekt likevel vil vere avhengig av kommunalt medeigarskap i dotterselskap eller annan finansiell trygging frå ein vertskommune/god dekning av framtidig hovudleigetakar før ei investeringsavgjerd kan takast.»

Og konkluderer med at det er vanskeleg å sjå for seg at VTN kan ta ei aktiv rolle innafor eigedomsutvikling i dei sju eigarkommunane. 

Dette er eigarane av VTN:

Andre eigarar 0,53% 

Bjørnar Andresen 1,16% 

Fyresdal kommune 14,76% 

Hjartdal kommune 3,93% 

Kviteseid kommune 15,20% 

Nissedal kommune 1,24% 

Seljord kommune 10,62% 

Tokke kommune 12,96% 

Vinje kommune 39,59%

Kjelde: Tokke kommune

Powered by Labrador CMS