Det er seinsommaren 2025.

Ein mann med to medhjelparar har teke seg ned ein attgrodd skogsveg i Lårdal.

Til Nydam og dei to store borhola der.

Medan Jens Jacob var på sjøen, forsynte sambygdingen seg på eigedomen hans

Publisert Sist oppdatert

Dei tre har med seg traktor og tilhengar, og på vegen ned til borhola har dei felt mange tre for å kome fram. Vel nede ved dammen blir dei tunge betongloka på borhola dregne til side. Så set dei i gang med å demontere vasspumpene.

Bandaksmolt fekk tilskott frå både kommunen og sentralt hald då dei installerte vasspumpene.

Dette er store høgdebassengpumper med kapasitet til å forsyne heile smoltanlegget som ein gong var i drift lenger ned på denne eigedomen med vatn. Smoltanlegget trong desse pumpene i tilfelle Lårdalsåi skulle bli ureina eller få lite vatn på grunn av tørke.

Det tek fleire dagar å få demontert pumpene, men til slutt får mannen og medhjelparane dei laus og lastar dei opp i tilhengaren. Slangar og anna utstyr blir skore laus og lasta opp det også. Så forsvinn dei derifrå.

Ei ubehageleg overrasking

Medan dette skjer er Jens Jacob Bleikelia, som eig både Nydam, borhola og det nedlagde smoltanlegget,  i Nordsjøen på jobb. Han jobbar to veker på og fire veker av, og når han kjem heim til Lårdal onsdag 3. september er det rett i slåtten – for han er sauebonde også. 

Jens Jacob Bleikelia.

Sundag 7. september ringer ein i bygda for å slå av ein prat. Undervegs i samtala spør han om Bleikelia har begynt å selje ut frå smoltanlegget. 

– Nei, sjølvsagt ikkje, svarar Bleikelia.

Han kjøpte eigedomen med smoltanlegget for tre år sidan med mål om å få i gang ein produksjon att, anten med klekking/yngel eller kreps. Desse planane har han framleis, og han vil slett ikkje kvitte seg med utstyret på eigedomen.

Han som ringde fortel  då at både han og andre har sett aktivitet ved Nydam medan Bleikelia var på sjøen. Bleikelia dreg straks bort til eigedomen og går ned langs den gamle skogsvegen til Nydam.

På vegen dit tel han 68 større og mindre tre som har blitt felt på hans grunn for å bane veg for pumpetransporten. Nede ved dammen opnar han borhola og ser at dei store magasinpumpene er borte.

Berre stumpar av kabel og røyr er att i borhola til Bleikelia.

Kjente gjerningspersonar

Ofte vil historier om innbrot og tjuveri som har skjedd medan eigaren var borte følge eit føreseieleg spor:

Dei blir melde til politiet, som så legg bort saka fordi dei ikkje har moglegheit til å finne verken gjerningspersonane eller det som er tatt.

Denne historia er litt annleis.

For i Lårdal veit mange kven mannen som forsynte seg med pumpene er.

Han er frå området, og demonteringa blei sett av fleire.

Han spurde også om løyve til å køyre på naboens velskilta private grunn på vegen til Nydam.

VTB blir med Bleikelia til Nydam, men fyrst svingar me innom ein gardsveg i bygda. Der står det ein tilhengar i vegkanten med ein diger slange kveila opp på.

– Det er min slange, seier Bleikelia.

– Den er min, seier Jens Jacob Bleikelia, og peikar på den store slagen som framleis ligg kveila opp på sambygdingens tilhengar.
– Det er min slange, seier Bleikelia, og peikar på slangen som framleis ligg kveila opp på sambygdingens tilhengar.

Me køyrer vidare til Bleikelias eigedom og går ned same veg som traktoren køyrde seinsommaren i fjor.

Mellom alt det frodige grøne ser me stubbe på stubbe – restane etter tre som var Bleikelia sine.

Nede ved Nydam dreg han dei tunge betongloka til side og viser det som er att: Stumpar av avskorne røyr og kablar.

Fyrste politimelding

Den 7. september, same dag som Bleikelia ser at pumpene er borte,  kontaktar han mannen som tok dei og krev at dei blir leverte tilbake snarast. Ingenting skjer, og dagen etter, den 8. september, melder han saka til politiet.

To dagar seinare er han innom politiet for å gje dei tilleggsinformasjon, sidan han nå har funne ut at pumpene som er tatt er langt meir verdifulle enn vanlege vasspumper. Det er ikkje snakk om verdiar til nokre ti tusenar, slik han fyrst trudde, men verdiar til hundre tusenar. 

Men hos politiet får han bakoversveis, for dei har alt lagt saka bort. VTB har fått lese den skriftlege meldinga politiet sende Bleikelia, der det går fram at politiet meiner dei ikkje har ressursar til å etterforske saka. Bleikelia kan ikkje tru at det er sant.

– Dei trong jo ikkje bruke noko ressursar omtrent på å etterforske dette. Vitna er der, tjuvegodset er der. Alt er jo heilt oppe i dagen.

Jens Jacob Bleikelia vart sjokkert då politiet ville legge bort saka fordi dei mangla ressursar. – Dei treng jo ikkje bruke noko ressursar omtrent. Alt er jo heilt oppe i dagen, seier han. Sjølv har han brukt mykje tid og krefter på politimeldingar og klager, og mykje pengar på advokat. På toppen av dette kjem belastninga han kjenner over at sambygdingen fer fram på denne måten mot han.

Vinter og vår – og ny bortlegging

Bleikelia klagar på bortlegginga, og den 20. oktober tek politiet opp att saka. I løpet av vinteren og våren avhøyrer dei vitne, den hovudmistenkte og Bleiklia – og den 23. april legg dei saka bort att. VTB har fått lese vurderinga til politiet. Der kjem det fram at gjerningspersonen innrømmer å ha forsynt seg med pumpene – men at han påstår at dei tilhøyrer han.

Ifølge Bleikelia har pumpene vore montert på eigedomen sidan 1997, og han har også sjekka med tidlegare eigar, Ingeborg Hetland, at dei vart betalt for den gongen. Det skal ho ha stadfesta.

– Og sjølv om han skulle ha hatt noko uoppgjort med Bandaksmolt AS frå 30 år attende i tid, så kan eg uansett ikkje skjøna kva rett han skulle ha til å berre ta pumpene frå meg, seier Bleikelia, og viser til at han kjøpte denne eigedomen i 2023 utan noko form for heftingar.

Siste ankemoglegheit

Bleikelia ankar avgjersla om bortlegging, og den 21. mai skriv politiadvokat Jon Harald Espeland Borgen følgjande vurdering til statsadvokaten, som skal ta endeleg avgjerd:

Undertegnede henla saken fordi det ikke kan utelukkes at anmeldte mente selv han hadde rett på pumpene – han forklarer at han hentet pumpene tilbake fordi han mener han har penger til gode. Det antas at han da mener at han ikke tyvs hensikt. (…) I sum mener politiet at saken ikke bør forfølges ytterligere strafferettslig. Det antas at saken kan prøves sivilrettslig.

Statsadvokat Alf Martin Evensen tek den endelege avgjerda i saka den 1. juni. Han er samd med Borgen.

«For å kunne avgjøre en sak med en positiv påtaleavgjørelse må påtalemyndigheten være overbevist om mistenktes straffeskyld –»


«- en straffeskyld som omfatter både objektive og subjektive straffbarhetsvilkår, og være av den oppfatning at denne straffeskylden kan bevises i retten.»

«Basert på disse strenge vilkår, som er de samme vilkår som domstolene anvender for å avsi fellende dom, kan jeg ikke se at vilkårene er oppfylt i denne saken –»

«– og det er heller ikke grunn til å anta at ytterligere etterforskning i vesentlig grad vil kunne endre denne vurdering.»

– Kva med rettstryggleiken?

Bleikelia meiner avgjerda til statsadvokaten er særs uheldig.

 – Kvar skal me ende når ei sak er klar med vitne og bevis, og endå blir lagt bort? spør han.

Viss dei ikkje kan gjere anna enn å dele ut refleksar i barnehagane, så treng me ikkje nærpoliti.

Jens Jacob Bleikelia

For ikkje lenge sidan gjekk politiet ut og bad publikum koma med opplysningar etter at nokon tok takplater, kjellarlem og vasspumpe frå ei hytte i Nissedal. Dette opplever Bleikelia som eit spel for galleriet når han ser oppmodinga i samanheng med kva han sjølv har opplevd.

– Når det forsvinn ein kjellarlem i Nissedal så er det stort styr, medan her som alt er oppe i dagen gjer dei ingenting, seier Bleikelia, som stiller spørsmål ved kva ein eigentleg skal med nærpoliti. 

– Viss dei ikkje kan gjere anna enn å dele ut refleksar i barnehagane, så treng me ikkje nærpoliti.

Alt hausten 2025 kontakta han advokat. Kvar einaste kontakt med denne kostar, så advokatrekninga er alt stor, og større vil den bli, nå som han må gå til sivil rettssak for å hevde retten til utstyret på eigendomen sin.

– Kva gjer det med rettstryggleiken til folk når ein må bruke store summar på advokat og sivil rettssak i ei opplagt sak som dette?  spør Bleikelia, som også er uroa for kva signal dette sender ut til han  som tok pumpene, medhjelparane og til lokalsamfunnet generelt.

– Korleis skal det bli på bygdene viss det skal vere slik at folk berre kan dra og forsyne seg dersom dei meiner dei har noko til gode, utan at det får følger? spør Bleikelia.

– At det blir mykje kriminalitet i samfunnet burde ikkje overraske nokon.


Powered by Labrador CMS