Opplagstala for avisene:

VTB har passert 6000

Mange aviser i Telemark veks – blant dei er Vest-Telemark blad. 

Publisert Sist oppdatert

Opplagstala til avisene blir lagt fram av Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) to gonger i året – vår og haust. Tysdag kom tala for fyrste halvår 2026. 

Dei viser at VTB då hadde eit godkjent opplag på 6 090. Det er 291 fleire enn på same tid i fjor, og fyrste gongen avisa har eit så høgt tal i det fyrste halvåret. Om lag halvparten av VTB-abonnentane har eit heildigitalt abonnement. Vest-Telemark blad er framleis den tredje største avisa i Telemark. 

Fylkesavisene TA og Varden har båe solide plusstal. TA har nå eit godkjent opplag på 23 844 (643 fleire enn i fjor), medan Varden har gått fram 1 303 til 15 855. 

Porsgrunns Dagblad har den største prosentvise veksten. Avisa, som er fjerde størst i fylket, har no eit opplag på 4 980 (fram 431). 

Tabell med opplagstal for aviser i Telemark.
Opplagstala for avisene i Telemark – fyrste halvår 2026.
Linjediagram viser stigande opplagstal for Vest-Telemark Blad frå 2018 til 2026.
VTB si utvikling i første halvår sidan 2018.
Powered by Labrador CMS