Saamund og Angela Gjersund gjennom éin av dei mange kanalane på seglinga.

Med båt gjennom europeisk og amerikansk historie

Eg har i mange år drøymt om å «reise i norske utvandrarar sine fotefar i Amerika». Men som med så mange draumar blir dei innhenta av realisme! Men ein draum vara ved: reise med båt på dei amerikanske kanalane og Mississippi. Men realistisk? Tja!

Publisert Sist oppdatert

Så førre vinter kom ideen opp under ein familiemiddag heime i Hauggrend; kvifor ikkje nytte Jon Markus sin nyinnkjøpte seglbåt Joma til ein skikkeleg langtur der heile familien kan delta på ulike etapper! Gamlingane kan ta kanalane medan ungdomen tek seg av havstrekka! 

Så var det bestemt, med avreise i mai 2024! Nå var det bare tida og vegen, båten måtte klargjerast og nødvendig utstyr skaffast. 1. juni var vi klare (nesten). Fyrste etappe gjekk til Gøteborg for å få med oss Trollhätte og Göta kanal i Sverige før turen gjekk vidare gjennom Østersjøen til Tyskland og kanalvegen vidare gjennom Europa til Middelhavet ved Marseille. Derfrå følgde vi Spanskekysten til Gibraltar der Jon Markus overtok kapteinsrolla og eg segla med han til Gran Canaria før eg flaug heim og han fekk systera Sibylla og eit vennepar om bord for Atlanterhavskryssing i desember. Etter nokre månader i Caribien med litt mannskapsbytte kom Joma med Jon Markus og broren Joar til Florida der Angela og eg tok over skuta 1. april, for vidare seilas gjennom American Intercoastel Waterway som er ein beskytta kanal som går langs østkysten av USA heile vegen frå Florida til New York.

Og så slår tilfeldighetene og flaksen inn! I år er det ikkje bare 200-årsjubileum for den norske utvandringa til Amerika, men òg 200 års jubileum for opninga av Erie kanalen som går frå Hudson elva gjennom New York til lake Erie ved grensa til Canada. Denne kanalen spela ei avgjerande rolle for emigrasjonen til midtvesten der hundretusener av nordmenn emigrerte! I samband med dette jubileet opna staten New York alle sine kanalar og tilhøyrande bryggeanlegg for gratis bruk heile sesongen! I tillegg var det lagt opp til ulike markeringer langs kanalen. Då var det sjølvsagt at vi skulle gå desse kanalane og vidare inn i Canada. Så til liks med Restauration 200 år tidlegare, segla vi inn i New York havn og vidare på Hudson river til Albany som er så langt Hudson river er seglbar uten slusing. Derfrå startar to kanalsystem; Erie kanalen som går via Mohawk river til Syracuse og Buffalo og endar i Lake Erie. Og den andre kanalen Champlain kanalen som går østover og munnar ut i St. Lawrence river mellom Montreal og Québec i Canada, ein anna viktig immigrasjonsveg for nordmenn.

Desverre (eller ikkje) var Erie-kanalen stengt pga at store nedbørsmengder hadde ført til skader på ei sluse og ein dam. Reparasjonen ville ta minst 4-6 veker og det var uvisst kor lenge vi måtte vente! Etter ei veke valde vi Champlain-kanalen, noko som ikkje var eit dårleg alternativ. Denne kanalen opna eit år før Erie-kanalen og med desse to kanalane var det tilgang til The Great Lakes med båt både frå Québec og New York. Rett nok mista desse kanalane fort betydning då jernbanen kom parallelt med kanalane midt på 1800-talet.

Framme i Canada hadde vi to ynske om reisemål: Thousend Island nasjonalpark i overgangen mellom lake Ontario og St. Lawrence river og Trent-Severn kanalen som er ein kombinert nasjonalpark/ historisk «site» som forbind lake Ontario og Georgian bay i Lake Huron. Denne kanalen går gjennom eit villmarksområde med masse småvatn og urørte skogområde med både ulv og bjørn. Midt i blinken for besøket av dotter Rannei og familie. Sjølvsagt er ein del av området nærast kanalen tatt i bruk både som bustadområde og ikkje minst til ferieområde, men uten dei «hyttepalassa» som omkransa dei amerikanske kanalane i sør!

Vel gjennom denne kanalen vitja vi naturreservatet Beausoleil Island i Huron sjøen, som er både naturreservat og historisk/kulturminne med strenge restriksjonar for bruk. Dette er gammalt indiansk «heilagt» område for fleire indianerstammer. Det er påvist menneskeleg aktivitet her allereie for 5000 år sidan. Artig at informasjonen ikkje bare er på engelsk og fransk, men òg på eit indiansk språk. Medan vi var der var der òg leirskule med «indiansk» innhald for ungdom. Verkar som Canada er mykje meir bevisste på at det var folk her før europearane kom, enn usa, der all historie synest å dreie seg om det «dei kvite» har gjort, med litt «afrikansk» for syns skuld.

Denne øya blei òg vendepunktet på reisa. Nå går turen tilbake til St. Lawrence river og opplagshavn for vinteren, og vidare seilas heim neste år, via Grønland og Island! Men det blir ei anna historie!

i

Powered by Labrador CMS