Ny podkast frå VTB

Kven? Kva? Kvar?
Ei oversikt over nøkkelpersonar, stader og skip i «Vestivi, vesttelar».
I podkasten «Vestivi, vesttelar» snakkar me om mange ulike stader og personar, og det kan vera vanskeleg å halde styr på alle. Nedanfor kan du sjå kven som er kven, både av hovudpersonar i historia, og dei litt meir perifere. Du ser også litt om stadene dei kom til, og skipa dei utvandra på.
Olav Knutsson Trovatten (1807-?)
Utvandrar, klokkar og lærar
Utvandra i 1840, saman med familien og tre ungar. Blant dei aller fyrste som utvandra frå Vest-Telemark, og blei på mange måtar utvandringas far i Vest-Telemark. Hyppig brev- og dagbokskrivar. Kjent som ressurssterk, og var ein leiande skikkelse i Cottage Grove-samfunnet i dei fyrste åra i Amerika, og eit knutepunkt for utvandrarane som kom seinare. Men denne lovande starten skulle ikkje vare, og dei siste 10-15 åra av livet til Olav var langt frå idylliske, og slutten verkar å ha vore prega av heimlengsel. Usikkert nøyaktig når han døydde, men truleg var det tidleg på 1850-talet.
Høyr historia om Olav i episode 1 og 2.
Ingebjørg Jore (1863-1957)

Utvandrar, journalist og kvinnekampsforkjempar
Ingebjørg var ei engasjert dame før ho utvandra også, og saman med Gunnbjørg Vinje var ho blant dei viktigaste kvinnekampforkjemparane i Vinje. Utvandra på 1890-talet, det blir fortald at det kan ha vore på grunn av ulukkeleg kjærleik. Levde fleire stader i USA, men enda opp i California.
Historia om Ingebjørg kan du høyre i episode 2.
Halvor Aslaksson Kostveit (1805-?)
Utvandrar, smed og mistenkt mormonardrapsmann
Også blant dei tidlegaste utvandrarane frå Vest-Telemark, då han reiste i 1842. Kom til same settlement, Cottage Grove i Wisconsin, som Olav Trovatten i 1843. Var smed, og visstnok glad i å kveda. Året etter blir det hevda, av Rikard Berge, at Halvor trakk i avtrekkaren då mormonarprofeten Joseph Smith vart skoten og drepen i eit fengsel i Illinois. Siste referanse til Halvor Kostveit er at han flytta til Chippewa i Minnesota i 1868. Usikkert når han døydde.
Høyr historia om Halvor i episode 3.
Sveinung Aanundsson Olsnes (1866-1954)

Utvandrar, forretningsmann og organisasjonsleiar
Sveinung utvandra til Amerika som 20-åring, i 1886. Opphavleg hadde han tenkt å ta lærarutdanning for samar i Nord-Noreg, men dette vart han frårådd av presten, som meinte det var for kaldt og myrkt, og det vart USA i staden. Var ein leiande skikkelse i delstatspolitikken i Nord-Dakota i ei årrekkje, og kom på fleire turar heim til Noreg. Skulle og bli ein tidleg investor i ei verksemd heime i Vinje.
Historia om Sveinung høyrer du i episode 3.
Orabel Thortvedt (1896-1983)

Tredjegenerasjonsutvandrar, kunstnar og historikar
Tok kunstnarutdanning i Minneapolis og starta karrieren med å måle dyreportrett der. Barnebarn av Olav Geitestad, seinare Thortvedt, som leia eit stort fylgje fyresdølar som utvandra i 1861. Til slutt enda familien i Buffalo River, som var fyrste settlementet i det som skal utvikle seg til å bli tre byar. Orabel via store delar av livet og karrieren til familiehistoria, både i form av tekst og kunst.
Høyr historia om Orabel i episode 4.
Geografi
For vesttelane, og nordmenn generelt, var det området som i dag kallast Midtvesten som skulle bli den nye heimen for dei fleste. I starten var det Wisconsin flest hadde som reisemål, deriblant Olav Trovatten og Halvor Kostveit, som begge budde i Cottage Grove tidleg på 1840-talet. Koshkonong, som ligg litt sud for Cottage Grove, var også eit viktig norsk settlement tidleg i perioden. Illinois, Wisconsins sudlege nabostat, vart også heim for ein del av dei som kom tidleg.
Ettersom USA vart utvida vestover, i stor grad ved at urinnvånarane som opphavleg budde der hadde blitt fordrivne, vart også Minnesota ein populær destinasjon. Også fleire av dei som hadde utvandra tidlegare i perioden kom hit, deriblant Halvor Kostveit, i Chippenwa, og familien Thortvedt, i Buffalo River. Neste statar ut var Nord- og Sør-Dakota. Sveinung Olsnes var blant dei som busette seg der, i Sheyenne i Nord-Dakota.
Også byar var populære destinasjonar for fleire, deriblant Minneapolis i Minnesota og Chicago i Illinois.
I kartet under kan du sjå nokre av dei viktigaste stadene for vesttelane me fylgjer i denne historia. Årstalet vesttelane me møter i podkasten kom til nokre av stadene er markert.

Mot slutten av hundreåret byrja amerikakartet å likne meir på slik det er i dag, og då opna det seg fleire geografiske moglegheiter, både for utvandrarane som kom på tampen, og dei som alt hadde budd der. Ingebjørg Jore var eit døme på dette; ho enda opp i California.
Andre karakterar
Knut Aslaksson Svalastoga (1817-1894)

Den fyrste utvandraren
Knut Svalastoga frå Rauland skal ha vore den aller fyrste vesttelen som utvandra, i 1839. Han kom tilbake til Noreg og Vest-Telemark ved fleire høve, og hadde med dei fyrste breva frå Olav Trovatten. Raulendingane meinte han hadde blitt noko sær etter dei fyrste åra i den nye verda, og gav han kallenamnet Knut Amerika.
Aslak Aanondsson Nestestog (1797-1885)
Utvandrar og våpenmakar
Børsemakar og kunstnar frå Bøgrend i Vinje som budde hjå Halvor Kostveit i Cottage Grove i 1843. Omtala som eit mekanisk geni, og skal ha laga våpen på bestilling frå kong Karl Johan.
Joseph Smith (1805-1844)
Sjølverklært profet
Grunnleggjar av mormonarrørsla og drapsoffer. Skal ha terga på seg vinbyggjar gjennom fleirkoneri, det er estimert at han sjølv hadde mellom 30-40. Drepen då ein mobb storma fengselet han sat i, i Karthage i Illinois.
Thomas C. Ankersen (1798-1858)
Skipsreiar og kaptein
Ankersen, frå Drammen, var kaptein på overfarten til både Olav Trovatten og Halvor Kostveit. Skal ha lasta båten tyngre enn det som eigentleg var lov, men får gode skussmål for korleis han tok vare på passasjerane sine. Frakta utvandrarar over Atlanterhavet ved minst åtte høve, i perioden 1839-1848.
Skip
Emilia
Ombygd lasteskip som var aktivt på 1840-talet, og kaptein Thomas Ankersen frakta både Olav Knutsson Trovatten og Halvor Aslakson Kostveit frå Drammen til Amerika på denne båten.
Thingvalla
Danskbygd skip som fleire gonger i året frakta hundrevis av utvandrarar frå Christiania til New York i perioden 1879-1898, blant dei Sveinung Aanundsson Olsnes. Kolliderte med systerskipet Geiser i 1888, som sokk, og 105 liv gjekk tapt.
