Minneord om Kåre Rønningen

Minneord

Mange var møtt fram i Treungen kyrkje fredag 14. august for å ta farvel med Kåre  Rønningen. Det var familie, slekt og vener som ville ta eit siste farvel med han. Det var tale sang og musikk og presten leda det heile. I tillegg til dette heldt Egil J. Tveit ei fin tale om sine gode ven Kåre.

Kåre Rønningen var født 16. januar 1939 og døydde stille den 4. august 2026. Han  vart såleis vel 87 år gamal. Kåre arbeidde heile sitt yrkesaktive liv i Nissedal Kommunale Elverk - bortsett frå dei siste 6 åra då det vart slått saman med Vest - Telemark Kraftlag i år 2000.

I tillegg til jobben var Kåre og aktiv i politikken og vart valt til ordførar for Nissedal Arbeiderparti i åri 1984 til 1987.  Han var lenge formann i Eldrerådet i Kommunen.

I året 2009 døydde Marta - kona til Kåre. Ho vart berre 65 år - det vart såleis mange år åleine for Kåre.

Personleg vart eg kjent med Kåre når me berre var 12 år gamle og me heldt kontakten frå og til i alle år. Siste gong eg var innom han for ein prat var sumaren 2022. Ein liten episode sjedde rundt 1980. Eg kom frå Seljord til Kviteseid. På Brunkeberg sto der ung tøff jente å haika. Ho fylgde meg til Kviteseid og fortalde at ho heitte Rønningen  og var frå Treungen. Eg ringde til Kåre og spurte om han kjente til henne: «Det er dattera mi det svara Kåre». Mange gode minne gjennom åri!

Takk til Hildegunn for god hjelp med desse minna. 

Me takkar Kåre for det han var!

Kvil i fred!

Arvid Syftestad

Powered by Labrador CMS