Smaragdmålaren har gått i fella.

Lokka inn av Anne Lenes svære pære.

Men han er alt i banken, og slepp med skrekken.

Insektsamlaren

– Eg har ofte med meg ein assistent med håv, slik at det spennande ikkje flyg sin veg, seier Anne Lene Willemsen idet ho løftar opp det gjennomsiktige lokket med den digre lyspæra.

Publisert

Pæra er kald og mørk no, og solskinet sildrar ned i den svarte balja under, men i natt var det andre bollar. Då var dette ei felle for lyselskande insekt.

– Det er nesten umogleg å sjå desse dyra her viss du leitar etter dei på dagtid, men dei er frykteleg villige til å kome viss du set opp ei lysfelle, forklarar Anne Lene medan ho snur og vender på eggekartongane som har lege nede i balja. 

Dei har mange krinkelkrokar der insekt kan gøyme seg, og no sit dei berre der medan gøymestaden deira blir inspisert. For insekta blir ikkje lokka inn for moro skuld – denne lysfella er del av eit omfattande registreringsarbeid.

– Der er ein smaragdmålar, du ser den nydelege grønfargen. Oi, og der er ein art eg ikkje har sett før, seier Anne Lene og dreg kjapt eit lite glas opp av lomma som ho lirkar insektet ned i.

Kva det er, anar ho ikkje.

– Det er derfor eg må ta den med, så eg kan sende den til far min for identifikasjon.

Gjenbruk for framtida

Det er seks år sidan kunstnarparet Anne Lene og Hans Willemsen flytta til Smørklepp i Vinje. Her har dei pussa opp den gamle landhandelen til verkstad, atelier og galleri. I tillegg byggjer dei sakte men sikkert opp eit lite småbruk litt lenger oppe i Smørkleppdalen.

Tradisjonelle tømmerhus ved ein grusveg i eit grønt fjellandskap
For seks år sidan var det heilt attgrodd her, men litt etter litt har Anne Lene og familien bygd opp og sett i stand det idylliske småbruket.

Bygga set dei i stand ved å gjenbruke materialar, noko som er mykje meir berekraftig enn å bruke nye.

– Sjå på denne gamle bjelken me har brukt, og på denne nye som Hans har laga.

– Dei er like store, men den gamle har tre gonger så mange årringar.

– Det seier seg sjølv at noko slikt vil vare mykje lenger enn dei papirbjelkane som blir produserte no til dags.

På det vesle bruket har dei åker, høns og kopplam, og dei er nær sjølvberga når det gjeld jordeple, kjøt, egg og syltetøy.

– Men ikkje på grønsaker. Då må me nok leggje ned ein større innsats i dyrking, luking og gjerding, ler Anne Lene. 

Set artane i banken

Familien hadde knapt budd her eit år då dei byrja å systematisk samle inn og dokumentere plante- og dyrelivet i Smørkleppdalen. No har dei halde på med dette i fem år, og målet er å registrere mest mogleg av det som lever her i Artsdatabanken.

Kva er Artsdatabanken?

Artsdatabanken er ein nasjonal kunnskapsbank for naturmangfald i Noreg.

Dei er fagleg uavhengige, og jobbar tett saman med forskarar, ekspertar og andre aktørar for å gjere kunnskapen lett tilgjengeleg og nyttig for alle.

Når kommunar lagar arealplanar, reguleringsplanar og så vidare, er dei lovpålagde å undersøke konsekvensane ulike planar og tiltak har for naturmangfald.

Artsdatabanken er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget dei nyttar for å vurdere konsekvensane ulike planar og tiltak kan få.

Ved å få registrert sjeldne eller truga artar i Artsdatabanken, kan ein dermed bidra til å heve terskelen for å gje løyve til å gjere inngrep.

Kjelder: Artsdatabanken, plan- og bygningslova, naturmangfaldslova

Akkurat Smørkleppdalen har vore ein stad kunstnarar har oppsøkt gjennom tidene, og naturen her er særmerkt, med ein spesiell geologi som fører til eit spesielt planteliv og dyreliv.

– Det heng jo saman, geologi, planter og dyr. Derfor er det kjempeinteressant å kartlegge kva som lever her, seier Anne Lene.

Perler som dette med rikt artsmangfald finst det truleg mange fleire av i Vest-Telemark, og Anne Lene fortel at innsamling og registrering av artar kan kven som helst gjere kvar som helst, berre ein får ein ekspert til å verifisere funnet. Anne Lene er så heldig at far hennar er ein slik ekspert.

Insektsuppe til far

No skal nattas fangst ut på beite att. Anne Lene dunkar lett i kartongane og balja, og smaragdmålaren og dei meir gråbrune kompisane flyg av stad.

Men det er ikkje sjeldan at dei same vender tilbake når lyset kjem på att i fella.

– I fjor var det nokon som kom att nesten kvar natt. Dei vart nesten som husdyr.

 Anne Lene har òg ei anna type felle som både står nede i dalen og på fleire høgare punkt, til dømes ved tregrensa: Malaisetelt.

Der er det ingen som flyg ut att på beite frå.

Teltfella har mørkt stoff i botnen og lyst stoff lenger opp.

Insekta søkjer opp mot det lyse, og øvst kjem dei til ein tunnel. 

Den munnar ut i ein behaldar med ei slags suppe i.

– Denne suppa er død, seier Anne Lene og tek ned behaldaren insekta hamnar i når dei flyg inn i teltfella, slik at me kan ta ein kikk.

– Dei ligg i ein type væske som hindrar dei i å rotne. Dette er suppa som far min kosar seg med på vinterkveldar.

Nokon samlar inn slik suppe og berre køyrer det gjennom ein DNA-analyse, men slik driv ikkje Anne Lene og far hennar på.

– Då ser ein at ein har fått mykje spennande funn, men ikkje korleis det ser ut. Så me gjer det på gamlemåten.

Hender held ein svart rund behaldar med gråbrun masse framfor kameraet.
Insektsuppe som skal analyserast for nye artar.

Urmygg og løyndomar

Funna i fellene har gjeve resultat. Anne Lene fortel om funn av artar som er nye for Vinje, nye for Telemark og òg eit par som er fyrste eller andre funnet i Noreg.

 Urmygg, til dømes, er ein art som er knytt til urskogmiljø av gran og som er sjeldan i europeisk samanheng.

Men det er ikkje alle artar Anne Lene har lyst til å fortelje om i avisa, av omsyn til arten. Blir det for mykje blest rundt særs sjeldne artar, kan det føre til at folk kjem for å jakte på dei.

– Det er noko som kan vere slik halvvegs hemmeleg, seier ho med eit lurt smil.

– Men går du inn på Artskart, så finn du det jo.

Vil tale naturens sak

No har den naturinteresserte kunstnaren også valt å ta steget inn i Vinje-politikken.

– Eg føler at eg må bidra litt og engasjere meg. Ein kan ikkje sitje og klage viss ein ikkje vil bidra, seier ho nøkternt.

Ho har ingen ambisjonar om å bli ordførar, og veit ikkje om ho vil stå på liste til valet heller, men ho har meldt seg inn i Vinje SV, der ho håpar å få løfta den grøne sida av partiet endå meir.

Kvinne gestikulerer framfor eit gjerde og ein stige i grøne omgjevnader.
– Eg vil bidra med kunnskapen som eg har. Eg skal tale naturens sak, det er mi oppgåve, seier Anne Lene Willemsen. Ho har som mål å løfte den grøne sida av Vinje SV.

Ikkje minst handlar dette om landbruket og verdien av å drive smått og på naturens premissar.

– Kanskje nokon kan vere litt flaue over at me heng litt etter i landbruket, men eigentleg har den måten ein har drive landbruk og skogbruk på i Vinje i lang tid vore veldig bra for naturen, seier Anne Lene.

– Her driv ein smått.

– Ein driv med gras, ein driv framleis med dyr på beite og finn framleis stort mangfald i grøftekantane.

– Det handlar om å få opp medvitet om at mykje av det som er gjort frå gamalt av er veldig bra, og gjer at me i dag har noko som er ganske verdifullt her.

– Kva er faren om ein tenkjer stort i landbruket?

– Då mistar du det biologiske mangfaldet som er avhengig av at du tek ting pent og roleg. Viss du gjødslar ei eng, så forsvinn nesten alt som er av blomar, og du får berre to-tre artar og masse gras. Dette har ein stimulert til å gjere for å få mest mogleg produksjon av dyr, men for det biologiske mangfaldet er det ein katastrofe, forklarar Anne Lene.

– For når blomeplantene forsvinn, så forsvinn òg dei pollinerande insekta, og så forsvinn heile systemet. Så eg håpar at ein ved å skjøne at det ein har er verdifullt, skjønar at forfedrane våre har gjort veldig mykje rett, og at ein kan vere stolt av dette i staden for å kjenne seg bakpå.

360 graders villmark

I oktober inviterer Vinje SV til eit arrangement der ein kan få vite meir om funna i Smørkleppdalen. Anne Lene håpar at registreringsarbeidet ho driv med kan bidra til at fleire tenkjer litt annleis om naturverdiane me har rundt oss.

– Det hadde vore veldig fint. 

Mange tenkjer kanskje at me har så mykje natur at det ikkje er så farleg med den, men det me har her i Vest-Telemark er faktisk ganske unikt, påpeikar Anne Lene.

– Det er ikkje så mange stader lenger der ein kan gå til ein stad med litt utsikt og snu seg 360 grader rundt utan å sjå menneskelege inngrep. Men her i Vest-Telemark finst det framleis ein del stader der ein kan det – i alle fall på dagtid.

Kvinne skjermer augo på ein grasplen framfor eit trehus og fjell.
Anne Lene har ein solid naturvitskapleg bakgrunn med hovudfag i entomologisk økologi og åtferdsøkologi. Ho er framleis i tenkeboksen når det gjeld å stille til val i Vinje, men kunnskapen sin om natur vil ho gjerne bidra med inn i Vinje-politikken.
Powered by Labrador CMS