Rift om Magnhilds dokkeklede på Vinjedagen
– Eg har selt så mykje at det er mest ingenting att, smiler Magnhild Nesheim.
Nokre få posar med handstrikka, kunstferdig utforma dokkeklede ligg att på bordet til Magnhild. Snart er det nok fare for at babydokka og barbiedokka må gje frå seg plagga sine, for det er enno to timar att av Vinjedagen.
– Dette er berre ein hobby. Eg gjer det fordi det er moro, smiler Magnhild.
Litt lenger bort er åmotsdølen Stein Arne Fossheim i same situasjon. Nesten alle dei retro-inspirerte køyretøya av tre og metall har blitt selt.
– Eg har ein full bil bak her av varer som er selt og som skal leverast etterpå, gliser han. Eigentleg skulle han vore i Dølemo i dag, men i går fekk han spørsmål om han ikkje skulle på Vinjedagen.
– Då dreit eg i heile Dølemo, og reiste opp til Vinje. Og salet har vore heilt utruleg, så dette var skikkeleg moro.
Bli med på ein videotur til Vinjedagen.
I enden av marknadsgata står to hestar klare til å bere ungar på tur.
– Det er sikkert livsfarleg. Kva om han bæsjar, kjem det frå to gutar som står og lurar på å prøve seg på hesteryggen.
Tarjei vågar seg etter kvart fram, og smiler stolt når han til slutt sit i salen på den største av hestane.
Litt drama er det også på sportsmatta som er lagt ut eit steinkast nærare Bratlandbui. Der viser Skorve karateklubb kva ein kan lære om ein blir med . Stefan er i gang med ein kata, eit mønster der ein gjer rørsler mot imaginære motstandarar. Men kan me få sjå han mot ein ekte motstandar, tru? Etter litt nøling tek Jennie av seg sokkane for å ta ein kontrollert kamp.
På veg ut att av sentrum kjem me forbi ein annan som har kontroll på kraftige reiskapar. I Vesaasparken står Oliver Vogt med motorsagene sine og tryllar om ein trestokk til tussen Torvild. Dette er figuren som etter kvart skal vise veg for besøkande langs den planlagde Fløtarvegen.