200 år sidan utvandringa til Amerika

Meir enn 30 000 fangar sat saman i den berykta fangeleiren Andersonville i Georgia. Dette bildet er teikna av Thomas O'Dea, som var blant fangane.

Fleire tusen tok det store valet, men for mange vart det nye livet langt frå nokon dans på roser

I podkasten «Vestivi, vesttelar» tek me for oss 60 år med masseutvandring frå Vest-Telemark til Amerika på 1800-talet.

Publisert

For 200 år sidan reiste den fyrste båten med utvandrarar frå Noreg til Amerika. Då segla sluppen Restoratio ut frå Stavanger, leia av Cleng Peerson. Snaue 15 år seinare begynte «sluppefolket», som dei vart kalla, å sende brev heim. Det gjorde at fleire ville følge etter, og Vest-Telemark var blant dei aller fyrste stadene der denne trenden fekk fotfeste. I 1836 tok utvandringa til for fullt, og ein stor del av dei som reiste i løpet av dei neste ti åra var frå vår region. 

Dette skulle utvikle seg til å bli den viktigaste demografiske faktoren for Vest-Telemark på 1800-talet, for utover hundreåret reiste fleire tusen vesttelar over dammen. Før utvandringa tok til hadde folketalet vakse monaleg, men nå stagnerte det – og etter kvart gjekk det også nedover. 

I podkasten ser me nærare på fenomenet utvandringa: Kva var årsakene var til at så mange vesttelar tok dette enorme valet? Korleis gjennomførte dei reisa? Korleis sette dei preg på samfunna dei kom til? Og kva var effektane av denne enorme menneskestraumen, både i Amerika og Vest-Telemark?

Det er fem hovudpersonar – fire utvandrarar og éin tredjegenerasjonsinnvandrar: Olav Trovatten, Ingebjørg Jore, Halvor Kostveit, Sveinung Olsnes og Orabel Thortvedt. 

Høyr desse historiene i «Vestivi, vesttelar» – via lenkja her, eller der du høyrer podkast

Pioneren og krigsfangen

Av dei fem hovudpersonane var Olav Knutsson Trovatten den fyrste som reiste, då han tok med familien over Atlantarhavet i 1840. Han skulle òg bli blant dei viktigaste katalysatorane for den tidlege utvandringa, og eit knutepunkt for dei som kom etter. Men han var ikkje den fyrste som reiste. Året før la nemleg ein raulending i veg mot denne nye verda, Knut Aslaksson Svalastoga. 

Svalastoga, som seinare skulle få tilnamnet Knut Amerika, var berre 22 år gamal då han reiste. Han skulle òg koma heim att fleire gonger, og hadde mellom anna med seg brev frå Olav Trovatten på minst ein av desse turane. 

Svalastoga skulle òg rekruttere fleire familiemedlemmer til å utvandre, deriblant broren Bjørn, som utvandra på 1850-talet. Dette var ei turbulent tid i Amerika, med lite stabile grenser, over eit raskt veksande geografisk område, men med aukande temperatur politisk. Slaveri og maktbalansen mellom statleg og nasjonalt styre var to viktige skiljeliner, der Sørstatane var pro-slaveri og Nordstatane mot, og i 1861 braut den amerikanske borgarkrigen ut. 

Fleire utvandrarar vart med i krigen, blant dei Bjørn Svalastoga. Han forlèt kone og ungar, og 12. august 1862 verva han seg til kompani H i 9. regiment for Minnesota Friviljuge, ein del av nordstatshæren. Dette er skildra i årsskriftet til Rauland Historielag frå år 2000, i samband med 175-årsjubileet for utvandringa. 

I snaue to år var Bjørn soldat, og me veit ikkje mykje om korleis livet fortona seg for han fram til 10. juni 1864. Den dagen, under slaget om Guntown, i Mississippi, tapa nordstyrkane, og Bjørn og kring 1500 andre vart tekne til fange og putta i fangeleiren Andersonville i Georgia. 

Harde kår

Georgia, prega av sumplandskap, var ein stor kontrast til klimaet Bjørn var van med frå Rauland. Maten var ikkje stort betre, maisgrauten og bønnesuppa dei fekk servert var ofte full av mark, og servert med bakken dersom fangane ikkje hadde tallerken. 

I desse horrible tilhøva, der meir enn 30 000 fangar var stua saman på det verste, vart døden ein vanleg del av kvardagen, som fylgje av tortur, drap eller mangelsjukdommar. Dei tre andre fangane Bjørn hadde fått god kontakt med, to svenskar og ein nordmann frå Kongsvinger, overlevde ikkje, og Bjørn fortel sjølv om at alle andre nordmennene som var der døydde. Under ei varmebylgje skal eitt liv ha gått tapt kvart 11. minutt i leiren. 

Fleire desperate fangar byrja å stele frå kvarandre, og etter kvart utvikla det seg eit kriminalitetsproblem i leiren. Fleire av fangane var tidlegare kriminelle som hadde verva seg for å kjempe, og dei fann tilbake til gamle vanar medan dei sat fanga. Dette kulminerte med eit oppgjer mellom dei kriminelle, kalla Raiders, og resten av fangane, Regulators, der Raiders-leiarane vart dømde og hengde. 

Trass desse harde kåra overlevde Bjørn, og i desember, etter fleire månadar i fangenskap, vart han sett fri, og kunne reise heim til Carver i Minnesota. Han var prega av krigen livet ut, og levde med kroniske magesmerter og leverproblem. Ekteskapet med den fyrste kona varte heller ikkje, utan at ein veit kvifor, men Bjørn fann kjærleiken att, og gifta seg med Torbjørg Rikardsdotter Berge etter krigen. 

Vil du ha fleire utvandrarhistorier?

I «Vestivi, vesttelar» kan du òg høyre om klokkaren som vart dømd for falskmynting og tok med familien over havet, mannen som finansierte oppstarten av ein av dei tidlegare entreprenørane i Vest-Telemark og han som det blir hevda skaut og drap grunnleggjaren av mormonarrørsla i Illinois i 1844. Podkasten høyrer du her. 

Powered by Labrador CMS