Truckpartner Telemark: – Me er i full drift
Hos Truckpartner Telemark i Seljord er alle mann på jobb. I andre delar av Telemark transportsenter er det stille.
Det er tøffe tider for Telemark Bilruter AS. Telemark Transportservice er slått konkurs. I sommar kjøpte Nordic Bus Partner AS alle aksjane i Telemark bilruter AS.
Telemark Bilruter AS, som har lidd store tap dei siste åra, har hatt tilhald i Telemark transportsenter i Nordbygdi. Der held også Truckpartner Telemark til.
– Namnet vårt er med på bilete når det skrivast om bedriftene her. Folk lurer på om me har stengt døra og om det framleis er drift hos oss, seier ein litt oppgitt verkstadleiar, Lars Slåbakk.
I fjor haust kjøpte Bergens-konsernet Strømberg Gruppen AS seg inn i Telemark Storbilservice AS, og opna Truckpartner Telemark AS i verkstaden til Telemark Bilruter.
At Truckpartner held til i same bygg som firma som opplever mykje uro, gjer at folk trur at det også går dårleg hos Truckpartner. Men det gjer det ikkje, fortel dei tilsette.
– Me er i same hus, men ikkje i same konsern, presiserer Slåbakk.
Telemark Bilruter eig framleis 40 prosent av aksjane i Truckpartner Telemark.
– Men dei har ikkje styringsrett, seier Slåbakk.
Full drift
Sondre Haugen Hyttedalen og Tom Arild Øverbø er kollegaer av Slåbakk. Dei fortel at folk stadig spør om det er ope hos dei.
– Nokon spør korleis det går med oss, og seier; no blir de kanskje arbeidsledige. Men det skal me ikkje bli, seier Slåbakk.
VTB har vore innom og sett Hyttedalen, Øverbø og Slåbakk i aksjon. På verkstaden hadde dei då inne ein bubil og ein lastebil.
– Me skrur også personbilar og mellomstore bilar. Me skrur alt, seier Øverbø.
Dei er fire fast tilsette, og leiger inn ein ekstra etter behov.
– Me er i full drift, og har ikkje tenkt å slutte så lenge me blir bruka og har nok tilgang på arbeid, seier verkstadleiaren.
Øverbø fortel at dei kan ta EU-kontrollar, at dei er alkolåsverkstad, og fartsskrivarverkstad og at dei nyleg har fått kontrakt med Eurobus Nordic.
– Me fekk den avtala fordi dei var nøye på at ting skulle vere på stell. Me har ein flott verkstad og er «up-to-date».
– Og så er det veldig hyggelege folk her og god service, smiler Slåbakk.
Tru og kompetanse
Truckpartner Telemark er ein uavhengig merkeverkstad rett ved E134 i Seljord.
– Me ligg midt i blinken for folk som køyrer forbi her. Me har også døgnkvileplassen her nede og det er ladestasjon og dieselfylling. Området er eit senter for storbil. Me har alle moglegheiter til å klare oss, seier Slåbakk.
Han meiner dei har nok av både kompetanse og tru på at det skal gå bra framover.
– I sommar har me hatt mange bubilar inne, fortel han.
– Det er ein stor fordel at me kan ta drop-in reparasjonar her, seier Øverbø.
Slåbakk fortel at nokon verkstader er skeptiske til å ta inn utanlandske bubilar.
– Men me tar dei inn!
– Kvifor er ikkje de skeptiske?
– Kvifor skal me vere det? Dei får ikkje bilen før dei har betalt, ler Slåbakk – og dei andre to.
Dei snakkar engelsk med forsikringsselskap, og ordnar overnatting om bilane blir ståande på verkstaden.
– Tom Arild og eg leiger ut rimeleg bustad, og fraktar dei til og frå, fortel Slåbakk.
Lokal arbeidskraft
Sondre er lærling hos Truckpartner og skal snart opp til fagprøve.
– Det blir greit å bli ferdig, seier han, og smiler.
– Kva er det vanskelegaste på verkstaden?
– Feilsøking. Det kan ta litt tid. Det lettaste er å byte ein del, same kva for ein, seier han.
Dei bestiller nye delar nesten dagleg og får den/dei same dag eller dagen etter.
– Det er enkelt når me har verkstaden langs E134, seier Slåbakk.
Han meiner elles at folk i Vest-Telemark bør bruke lokale verkstader og støtte lokal arbeidskraft.
– Det er i alle fall viktig å få fram at me har opent her, sjølv om det er uro rundt oss.