Mari vil få ei sentral rolle i kommunen
Mari Høidalen frå Drangedal er tilsett som ny organisasjonssjef i Nissedal kommune.
Høidalen er i dag tilsett som HR-rådgjevar i Drangedal kommune og har jobba med ulike oppgåver innan HR og løn i nabokommunen sidan 2012, opplyser Nissedal kommune i ei pressemelding måndag.
Ho har bachelorgrad i økonomi og administrasjon. I tillegg har ho tatt fag om Innovasjon i offentlig sektor, og har nyleg fullført Master of Management ved BI.
Kommunedirektør Sverre Sæter er svært nøgd med at Mari Høidalen har takka ja til stillinga som organisasjonssjef, og ser fram til at ho startar i stillinga i januar 2027.
– Mari vil få ei sentral rolle tett på kommunedirektøren, med ansvar for å styrke leiing, organisasjon og interne arbeidsprosessar. Organisasjonssjefen vil vere ein viktig pådrivar for utvikling, digitalisering og gode tenestar for innbyggjarane, står det i pressemeldinga.