Mahmoud Farahmand, Telemark Høgre

Mahmoud Farahmand

Alder: 45 år

Kjem frå: Porsgrunn

1. Nemn tre grunnar til at vesttelane skal stemme på deg og ditt parti

Betre kommuneøkonomi ved å redusere statlege pålegg og styrke kommuneøkonomien. Jobbe for å styrke Dyrsku’ns posisjon og økonomi. Sørge for oppgradering og sikring av Telemarkskanalen. Betre privatøkonomi med skattelettar og auka barnetrygd.

2. Vil du gjere noko for å sikre rimelegare straum for folk og næringsliv i Telemark?

Høgre har fremma ei eiga straumstøttepakke

  • Ein fastprisordning for private og bedriftene som ønsker dette
  • Kabelkompensasjon, kontaktutbetaling i høgprisområde 
  • Nettleigestøtte.

3. Meiner du det bør leggast til rette for meir kraftproduksjon i Vest-Telemark? Eventuelt kva type kraftproduksjon?

Kommunane må sjølve bestemme om dei skal legge til rette for auka kraftproduksjon, men vi må ha betre insentivordninger som motiverer til auka produksjon. Eg er ein stor tilhengar av vasskraft og kjernekraft.

4. Etterslepet på fylkesvegane har passert 100 milliardar kroner. Kva meiner du bør bli gjort?

Høgre sette av meir pengar til fylkesvegane i vårt alternative budsjett. Fylkesvegane vil i dei kommande årene få større beredskaps- og sikkerheitsmessig betydning og må derfor bli prioritert høgare.

5. Korleis vil du løyse mangelen på helsepersonell i distrikta?

Vi må ha meir samarbeid mellom kommunane, og få på plass insentivordningar som motiverer til auka samarbeid og ressursdeling mellom kommunane. Pengar aleine vil ikkje løyse våre utfordringar.

6. Kva vil du gjera for at kommunane skal klare å handtere eldrebølga?

Kommunane må bruke heile omsorgstrappa, og kommunane må gitt større handlefridom, og med det redusert statlege bemanningsnormer. 

7. Korleis vil du få fleire unge til å flytte til distrikta?

Det handlar om arbeidsplassar, infrastruktur og buattraktivitet. Vi må ha eit godt privat næringsliv som gir jobbmuligheter til unge menneske i etableringsfasen. Det finst fleire gode eksempel på privat næringsliv som skaper arbeidsplassar i Vest-Telemark. 

8. Om du kunne gjennomført éi sak utan motstand – kva ville det ha vore?

Realisering av Fensfeltet.

Powered by Labrador CMS