Kommentar
Må berre sjekke om det er noko nytt frå galningen i Washington
– Hei!
– Ikkje nå, eg kjempar mot eit monster.
Glimt frå ei opningssamtale mellom meg og yngstemann når eg kjem heim frå jobb. Han er godt i gang i spelverda, eg er godt i gang med å himle med augo.
I helga hadde eg ei lang tale for arvingen om skjermtid – igjen, og han lova bot og betring – igjen. Sjølv var eg stadig innom diverse medium på nett for å sjekke «latest news» frå galningen i Washington.
Ein kan i utgangspunktet bli sprø av å vere mykje på nett. Når ein i tillegg konstant får Donald i fleisen, får ein lyst til å kople av heile verda. Berre kaste telefon og skjermar til skogs – for å få fred. Eller «oppretthalde» fred er kanskje mest rett å seie i desse tider.
Eg blei rett og slett veldig glad då eg las «Spår et avlogget 2026 – intensiv smarttelefon-bruk kan bli som å røyke» i Aftenposten PAPIR laurdag. Det blir peika på fleire teikn i tida. Sosiale medium-bruken søkk blant unge, regjeringa har kome med offisielle skjermråd, Power og Elkjøp melder om auke i dumtelefon-sal (ikkje-smarte telefonar), boksalet aukar og analog teknologi – som øyreproppar med leidning er igjen på moten.
Tendensen er klar. Motreaksjonane er her. I Vest-Telemark har Tokke FAU bestemt at Tokke skule skal vere ein del av foreldreinitiativet smarttelefonfri barndom, og fleire skular i andre kommunar vurderer same initiativ.
– Det er inga handheving av aldersgrenser i sosiale medium, og algoritmane der er nådelause, seier initiativtakar og nestleiar i Tokke FAU, Tone Stimson.
Eg er altså så glad for at eg vaks opp utan smarttelefon og sosiale medium. Dagens unge veks opp med krigshissing på X og perfekte illusjonar på Instagram – kvar einaste dag. Huff!
Men – nå byrjar altså mange å protestere.
Tenk om det kunne snu – heilt fundamentalt. At folk valde bort skjermen, og heil-prioriterte analoge gleder.
Det er fantastisk at lokalavisa di, VTB, står fjellstøtt i papirverda. Sjølv om abonnentane får daglege nyheiter på vtb.no, har ikkje vesttelane gått seg heilt ville digitalt. Om lag halvparten av lesarane synest framleis at avis er topp når den ligg på stovebordet.
La oss gå for gode nettvanar, og kanskje eit litt meir avlogga 2026. Det kunne vore bra for både husfred og verdsfred, det.