Torgrim Dubrefjord Moen, Olette Moen Storbekken, Magnus Lars Nikkels og Mia Høeg Flatland.

Kvifor feirar me påske? – Fordi det er påske

Påske for SFO-borna på Seljord barneskule er påskehare, påskeegg og Jesus som døydde og låg i grava i 40 dagar.

Publisert

Påskestemninga kjem kjapt sigande når VTB er innom SFO på Seljord skule veka før påskeferien. Appelsinar på kjøkenet, og leiting etter påskeegg som SFO-leiar Haldis Reitan Thorvaldsen har gøymd ute; stemninga er påske-god frå me kjem til me går.

På veg inn til eit intervju på SFO-kjøkenet, med Olette Moen Storbekken (6), Mia Høeg Flatland (7), Magnus Lars Nikkels (6) og Torgrim Dubrefjord Moen (6), blir me spurt om ein SFO-tilsett kan stelle i stand litt mat mens me pratar. VTBs journalist ser på ungane og svarar; det går nok fint, me har ikkje noko å skjule her. Torgrim tar litt ekstra ansvar og spør for sikkerheits skuld dei andre;

– Er det nokon som har noko å skjule?

Inngang til Seljord barneskule og SFO.

Fullt påskeegg

Så er me i gang med påskeintervjuet, og VTB lurer først på kva ungane tenker på når dei høyrer ordet påske.

– Då kan eg springe ut og leite etter påskeegg, seier Torgrim med eit stort smil.

– Eg kan leite etter 15 påskeegg, eg, seier Magnus.

– 15? Kvifor 15?

– Nei, det veit eg ikkje.

Han smiler lurt. Mia seier ho tenker på alt mogleg når ho høyrer ordet påske, men kanskje først og fremst på å finne godteri og ete det. 

– Besta seier alltid til påskeharen at me må få eit fullt påskeegg. Om ikkje besta seier ifrå om det, får me bare fire ting i påskeegget, fortel ho.

Olette ramsar opp namn på mange familiemedlemmer som skal kome på besøk i påska. Dei kjem langvegsfrå.

– Eg tenker veldig på dei! smiler ho.

Leik og moro på SFO.

Jesus døydde

Olette, Mia, Magnus og Torgrim fortel at påskefargen er gul, og at dei har laga påskepynt på skulen. VTB ser nokre fine kyllingar i eit vindauge.

– Kvifor har de eigentleg påskeferie?

– Nei, det veit eg ikkje, seier Torgrim.

– Fordi det er påske, seier Magnus. 

Bra svar, men VTB vil gå litt meir i djupna. Kvifor har me fri frå skulen akkurat på denne tida?

– Fordi det er gøy! svarar Mia, men legg til; det er jo gøy på skulen også då!

Torgrim meiner at ein har påskefri fordi ein av og til bare må ha fri frå skulen. VTB spør om dei veit kvifor nokre av påskeferie-dagane i kalenderen er raude? Kvifor «feirar» me påske?

– Eg trur det er fordi Jesus døydde, seier Olette. 

– Eg trudde han blei fødd då, seier Mia, og ler litt.

– Nei, det er i jola, då har han bursdag, seier Torgrim.

– Har de høyrd om Palmesundag, Skjærtorsdag, Langfredag og 1. påskedag?

– Skjærtorsdag. Det var eit rart namn, seier Torgrim.

– Langfredag. Den er vel ikkje lang? spør Olette.

Kom seg laus

SFO-borna blir einige om at Jesus døydde i påska. Men korleis han døydde, og kva som skjedde etterpå – der sprikar svara i litt ulike retningar.

– Jesus var sonen til Gud. Dei trudde han døydde, men han gjorde ikkje eigentleg det. Han var i jorda i 40 dagar, og så stod han opp igjen, seier Mia.

– Det var ikkje lenge, seier Olette.

VTB synest nok 40 dagar høyrast lenger ut enn Olette, og spør om Mia er sikker på dette? Det er ho, men hintar også til at det kanskje ikkje er det viktigaste i denne samanheng.

– Dei trudde han døydde, men han var ikkje død, gjentek ho. 

Så pratar dei litt om korleis han døydde. Mia seier han fekk mange spikrar i hendene, Olette seier det bare var to. Magnus seier det uansett må ha gjort veldig vondt.

– Jesus var inne i eit fjell, så kom det tre damer, og han var ikkje der, fortel Olette.

– Han hadde kome seg laus, seier Mia, og legg til; det var vakter der, ikkje sant?

– Nei, seier Olette.

– Jo, men dei sovna, så han kom seg ut. Eg har lese dette, seier Mia.

Ho er fornøgd med å hugse forteljinga, og det byrjar å demre for dei andre at dei også har høyrd om dette. 

– Det er litt rart at dei trudde han døydde, og at han hang på ei snor, seier Mia, og smiler.

– Han hang ikkje på ei snor, men på eit kors, seier Olette.

– Hi, hi, ja, eg gløymde meg, hi, hi, ler Mia.

Det er til og med stolar med påskefarge på SFO i Seljord.

Påskeharen

Dei gler seg til leik og moro i påskeferien, og til å finne påskeegg.

– Når leitar de etter påskeegg?

– På påskeaftan, svarar Mia.

– Eg leitar alle dagar, seier Magnus.

– Eg òg, smiler Torgrim.

– Er det påskeharen som kjem med egg?

– Ei i barnehagen fortalde meg at ho hadde sett påskeharen. Han er ikkje ekte. Han har kledd seg ut. Slik som Bjørnis, seier Olette. 

Mia lanserer ein idé om at egga kanskje kjem flygande ned frå himmelen. Responsen er ikkje overveldande, men det er heller ingen som kan seie sikkert at det er feil.

Dei meiner alle at det er mange som også et vanlege kvite egg i påska. Men kva som er typisk påskesjokolade, klarer dei ikkje å lande. VTB foreslår kvikk lunsj, men det er i alle fall heilt på jordet.

Marsipansjokolade – foreslår Torgrim, mjølkesjokolade – seier Magnus, påskeegg-sjokolade – seier Mia, kinder-maxi – seier Olette. 

VTB lurar på om ikkje appelsinar er viktigare til påske enn sjokolade? 

Til det er svaret eit samstemt nei. Og fire gode (appelsiiiin) smil.

God påske!
Powered by Labrador CMS