
Innslag med dans, trompet, kunst og song skal vidare til fylkesmønstringa
Ung kultur møttest på Granvin kulturhus i Seljord då Kviteseid og Seljord arrangerte lokalmønstring saman før vinterferien.
Torsdag før vinterferien var ein flokk jenter frå Kviteseid og Seljord samla på Granvin kulturhus for den årvisse lokalmønstringa av Ung kultur møtast.
– Det er faktisk 40 år sidan UKM blei arrangert for fyrste gong i Noreg, fortalde Heidi Bekkevold frå UKM i Telemark som hadde tatt turen til Seljord for å høyre på dei unge talenta.
Anne Flatland (13) starta mønstringa med å synge «Smilet i ditt eget speil» og spele piano, før Gunhild Aase (14) spelte ungarsk dans på trompet, Lenita Christin Aasbakk-Nielsen (13) song K-pop, Signe Marie Holte (11) song «Coat of many colors», Maren Jordbakke-Sigstad (17) spela gitar og song «Walking in the air». Det var også to dansegrupper med. Fyrst ut var gruppe ein med medlem mellom 8 til 11 år med Ella Jebsen, Erle Sofie Foldøy, Thea Helene Sigurdslid og Viktoria Bakalo. Neste dansegruppe, har ein snittalder på 13, her dansar Astrid Lindvik, Hedda Sinnes, Ingvild O. Valhovd, Mari Gjerlid Opsund, Mari Straand Skarprud, Melina Elisabeth Sigurdslid og Melissa Camarena Straand. Ute i aulaen kunne ein også sjå smiarbeid frå elevane i 9. klasse ved Kviteseid skule som dei har laga etter rettleiing frå smeden Johannes Grøstad Barstad.
Her kan du sjå video av heile lokalmønstringa i 2025 for Kviteseid og Seljord.
Kulturskulerektor i Kviteseid, Eli Taugbøl og kulturskulerektor i Seljord, Anne Torunn Øverbø fortel at UKM sin fylkesfestival blir halde på Ibsenhuset i Skien 4.-6. april, og dei lokale bidraga som går vidare frå lokalmønstringane i Vest-Telemark skal på scenen laurdag under festivalen. Dei som deltek på fylkesfestivalen, kan også få høve til å bli med vidare til landsfestivalen.
Frå Kviteseid er det dei eldste dansejentene som skal vise seg fram på fylkesmønstringa, og elevane i 9. klasse ved Kviteseid skule får også høve til å sende nokre smiarbeid til utstilling dersom dei ynskjer det. Frå Seljord er det 14 år gamle Gunhild Aase på trompet og 17-åringen Maren Jordbakke-Sigstad med song ein får sjå att i Ibsenhuset.
For Tokke og Vinje blir UKM arrangert laurdag 1. mars, i Fyresdal laurdag 8. mars og i Nissedal onsdag 12. mars. Alle arrangementa vil gjerne ha fleire deltakarar, og det er framleis høve til å melde seg på.



