Ingrid (13) har spela hardingfele i sju år, fredag deltok ho på sin andre landskappleik
Fredag gjekk Ingrid Høgetveit Teigen (13) på scenen for å framføre to slåttar på sin andre landskappleik.
– Eg synest det gjekk bra, eg, smilte 13-åringen etter ho var ferdig å tevle i hardingfele klasse C.
Her var det 27 deltakarar totalt, og av dei både Ingrid og Sigrid Langen frå Vinje, som begge spelar i kulturskulen i Vinje
Ingrid fortel at ho har spela hardingfele i sju år, og deltok på landskappleiken i Eidfjord i Hardanger i fjor også. Ho fortel at ho var litt nervøs før ho skulle opptre på Hovden fredag, men at ho hadde både med far Lars Teigen og kulturskulelærar og spelemann Lars Erik Øygarden som støtte bak scenen.
– Kvifor starta du å spele hardingfele?
– Eg såg andre spela, og syntest det såg kult ut, difor ville eg også spele, svarar ho.
Ho er ein av tre elevar som spelar hardingfele i kulturskulen i Vinje, og saman med lærar Lars Erik Øygarden kom dei fram til kva ho skulle framføre på landskappleiken på Hovden fredag.
– Eg spela Halling Jårån og ein rull frå Austlandet, fortel Ingrid.
I kulturskulen i Vinje spelar Ingrid også i eit band, då byter ho ut hardingfela med ei elektrisk fele.
– Begge delar er moro, men eg likar kanskje å spele saman med bandet aller mest, seier ho med eit smil.