Influensaen er her. – Ikkje oppsøk legevakta om det ikkje er heilt nødvendig
Kommuneoverlege Kine Jordbakke ber folk halde seg heime i senga om dei har fått influensa.
– Den har kome. Ein del er ordentlege sjuke og sengeliggande med feber, seier kommuneoverlegen i Seljord og Kviteseid.
– Er det for seint å ta influensavaksine om du vil unngå å bli smitta?
– Det tar 1 til 2 veker før den verkar, så i verste fall rekk den ikkje verke. Men dei som ynskjer det, kan framleis få vaksine, svarar Jordbakke.
Ho seier det beste rådet til dei som har influensa er å halde seg heime, ta febernedsetjande og drikke godt.
Ein treng som regel ikkje kontakte legevakta når ein har influensa, med mindre ein har pustevanskar og underliggande sjukdomar, eller veldig høg feber.
– Kva er høg feber?
– Over 39 for vaksne. Barn får oftare høg feber.
– Det er heller ikkje nødvendig å måle CRP. Den vil vera høg når ein har influensa, seier Jordbakke.
Det er mange på venterommet på legevakta, og om ein treng dit blir ein slusa inn på eit smitterom. Jordbakke seier ein før ein eventuelt oppsøker legevakta må ringe 116 117. Då får ein vurdering over telefon om det er nødvendig å ta turen.
– Legevakta er for akutt hjelp, understrekar kommuneoverlegen.
– Ein skal ikkje på legevakta med ting som kan vente til dagen etter. Om mange som ikkje treng å vera der, oppsøker legevakta, vil det gå utover dei som treng det, minner Jordbakke om.
I tillegg til influensaen har også omgangssjuke og vasskoppar vore innom i fleire heimar i Seljord og Kviteseid i starten av desember.