Gardbrukar og kommunedirektør: Som bonde har Finn Arne Askje søkt om regionalt miljøtilskot. Fleire gonger har han søkt om eit tilskot som ikkje godkjent i Tokke kommune. Han seier at han ikkje har forstått at han ikkje kan søke på dette tilskotet.
Kari Smeland
I fleire år har kommunedirektøren som gardbrukar søkt om tilskot retta mot kystbønder. Seier han burde lest reglane betre
Finn Arne Askje er kommunedirektør i Tokke kommune, men han er også bonde i Lårdal. I fleire år har han søkt om tilskot for beiting av verdifulle jordbrukslandskap i utmark – ei ordning som berre gjeld på øyer og ved kysten.
I fleire år har Finn Arne Askje, som fleire andre bønder, søkt om regionalt miljøprogram, såkalla RMP-tilskot. Då han vart øvste administrative leiar i kommunen i 2021 vart administrasjonen i Tokke inhabile til å handsame søknaden hans. Då fekk fyrst Vinje kommune søknadane, deretter Fyresdal.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP