
Den spesielle jenta frå Vrådal
Ho vart fødd den 27. august 1880 og fekk namnet Anlaug Knutsdotter Findreng. Faren hennar var Knut Nerison Versto 1836-1884 og mor var Kari Aslaksdotter Homman 1840 - 1921.
Det som gjorde at denne jenta var spesiell for meg, er at ho var mi bestemor.
Den 9. november 1900, berre 20 år gamal - gifta ho seg med bestefar, Aslak Steinarson Syftestad 1875 - 1936. Dei to dreiv då Prestegarden i Kviteseid i mange år. Ved ei tragisk ulykke i Odda døydde diverre bestefar på Haukeland sjukehus i 1936. Det var stor sorg for henne og dei tri borna. Dei hadde tidlegare mista ein son som heitte Knut - berre 18 år gamal i 1922. Etter den tid - altså i 1936 - dreiv så far min - Sverre Aslakson Syftestad Prestegarden vidare. Han gifta seg i 1938 med mor mi Karoline Fjære Jacobsen og eg kom til verda i desember same året.
Me budde då i forpaktarbustaden saman med bestemor. Me kalla ho berre for Besta. Ho budde i fyrste etasje og foreldra mine og eg i andre. Frå eg kunne gå så var det å koma seg ned til Besta det trivlegaste eg visste. Ho var alltid snill og omtenksom og laga alltid noko godt for meg. Eggedosis var favoritten. Det var næringsrikt og smaka veldig godt. Eg hugsar og den fyrste smaken av kaffi, det var Besta som laga ein liten kopp for meg. Mesteparten var nok fløyte og sukker og berre litt kaffi. Men det at eg skulle smake kaffi som liten gut hugsar eg som ekstra stas den dag i dag! Dette var under krigen 1940–45 og kaffi var på den tid mangelvare, men Besta ordna det.
Etter krigen bygde foreldra mine hus på Flatin og næraste nabo var tante Signe og onkel Gunnar Borgejorde. Og det finaste for meg var at Besta budde i andre etasje saman med dei. Derfor var det kort veg for å besøke Besta. Dette var i åri frå 1948 og fram til 1955. Ho var då kome opp i 70-åri og var ikkje så sprek lenger. Men godt humør hadde ho alltid. Kvar dag las ho i Bibelen. Ho las og aviser og blad, men Bibelen låg alltid på bordet. Då eg vart konfirmert i 1952 var gåva frå Besta ein Bibel og salmebok på nynorsk og med namnet mitt i gullskrivt på omslaget.
På sumaren 1955 mønstra eg på som sjømann i rederiet Mosvold Shipping AS. Me henta olje i Sør-Amerika. Dette var mange år før dei fann olje i Nordsjøen. Eg hadde vore ute i snaue to månader og hadde sendt brev til dei heime og sjølvsagt til Besta. Me henta ny last i Colombia, der får eg brev frå Besta, som ho har datera 5. oktober 1955, ho skriv:
Kjære Arvid.
Tusen takk for kortet og brevet. Du er snill som kjem meg ihug. Ja det er fælt så dauvleg de er etter deg, de er inkje aa vente paa Arvid no om når eg ser de kjem ein i kvit skjorte og barhovda syklans so tenkjer eg der kjæm Arvid men eg må tenkje omat. Ja korleis hev du det de no de er likar no etter som du blir vant med arbeide vell. Ja kva skal eg vel skrive her er ingenting nyt aa vis de er noko so hev vel vell mor og far din fortalt de. I dag regner de er graatt og kalt men de hev daa inkje kome sno på Brokfjøl endaa. No er klokka 10 yver tolv no kjem vel far din te middag og stelle grisin og mor di kl 5 dei strævar paa kvar sin kant.


Ja Arvid eg ynskjer deg lykke og alt godt paa færdi og be for deg at du maa bli bevara fraa alt vondt baade for lekam og sjæl.
Eg maa vist slutte for denne gong haapar du skjynar ei kvart or av denne utydelege skrift.
Du maa liva usigeleg godt Arvid haapar desse linene maa finne deg i bete velgaaende.
Ein venleg og kjærleg helsing fraa Besta.
Lev saa vel daa Arvid.
Det er 70 år i 2025 sidan ho skreiv dette brevet til meg og det er 86 år sidan ho vart mi gode Besta. Anlaug Syftestad døydde 30. mars 1962 og vart soleis 81 år gamal. Ho er gravlagt på Kviteseid kyrkjegard. Gode minne!