I 2024 samla Renovest inn 18,7 kilo plastavfall per innbyggar.

Vest-Telemark er best i landet på å sortere og kaste plast

Renovest IKS samlar inn 18,7 kilo plast per innbyggar. Det er best i landet.

Renovest IKS er eit interkommunalt avfallselskap for fem av dei seks kommunane i Vest-Telemark, Seljord, Vinje, Tokke, Fyresdal og Kviteseid. 

I 2024 er Renovest på toppen av innsamlingsstatistikken blant renovasjonsselskapa i heile Noreg, og har vore i toppen av statistikken fleire år på rad.

Det melder Grønt Punkt Norge.

Best på plast

Renovest samla i 2024 inn 18,7 kilo plast per innbyggar. Det er best i landet, og ti kilo over landssnittet som er på 8,3 kilo. 

- Renovest viser at det er mogleg å oppnå gode resultat gjennom kjeldesortering, særleg om ein legg til rette for det ved fritidseigendommar i tillegg. Det er rett og slett imponerande det dei har fått til, seier Kristian Nordby som er ansvarleg for kommunar og IKS i Plastretur, til Grønt Punkt Norge. 

Tor Helge Gjersund er dagleg leiar i Renovest IKS.

Renovest samlar ikkje berre inn søpla til dei fastbuande, men også til hyttefolket. Og det er hos denne gruppa det har vore mest utvikling dei siste åra. Tor Helge Gjersund er dagleg leiar i Renovest, og han peikar mellom anna på at hytteabonnentane har fått nye returpunkt med full kjeldesortering. 

Desse konteinarane er plassert i Morgedal.

Elles meiner han det er fleire årsaker til dei gode resultata i Vest-Telemark. 

- Det er vanskeleg å sette to strekar under ein «suksessformel», men eg trur det er ein kombinasjon mellom god tilrettelegging og stor vilje hos veldig mange innbyggarar, fritidsabonnentar og næringsliv til å sortere mest mogleg, seier Gjersund til Grønt Punkt Norge.

- Det er frå hyttene me ser den største utviklinga, sjølv om det framleis kjem inn mest frå dei fastbuande, legg han til. 

Gjersund fortel også at Renovest har funne gode løysingar for næringslivet, med behaldarar til hushaldningsliknande avfall. Dette betyr at meir plastemballasje, som tidlegare gjekk i restavfallet, nå blir samla inn som plast. 

Powered by Labrador CMS